Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Noreg er eit godt land å bu i, verdas beste etter mange målestokkar.
Ein velfungerande velferdsstat er mykje av grunnen. Med gode tenester som utdanning, helsevesen, eit økonomisk sikkerheitsnett skulle vi vere uheldige i livet, og gode tenester til ein trygg alderdom.
For at velferdsstaten skal fortsette å kunne tilby våre innbyggjarar gode tenester, må vi tilpasse oss utfordringane i framtida og tenkje nytt på korleis vi kan løyse utfordringane.
Offentleg sektor
Noreg har verda si største offentlege sektor, noko som i stor grad er ryggraden til velferdssamfunnet. Samtidig er det ei av utfordringane til berekrafta til velferdssamfunnet, i hovudsak på grunn av mykje byråkrati, der ein stor andel administrative tenester i det offentlege opptek ressursar som kunne gått til tenesteytande sektor, som barnehage, skule, helsesektor m.m.
Skal vi møte framtida si stadig aukande og eldre befolkning, og i tillegg sjå at gullalderen med oljeinntekter går mot ein slutt, må vi omstrukturere og tenkje nytt i offentleg sektor.
Det KrF vil er å sørgje for at offentleg sektor kan nytte digitalisering og ny teknologi for å løyse oppgåver på nye og innovative måtar.
Eit døme er det som blir kalla «virtuelle tilsette», programvare i form av «kunstig intelligens» som kan utføre rutineprega oppgåver, som skjema, søknadar m.m. Dette ville gitt raskare sakshandsaming, og samstundes frigi ledig kapasitet til meir krevjande oppgåver. Totalt sett ville det også på sikt frigi ressursar som kan brukast i tenesteytande oppgåver, framfor administrative oppgåver. Equinor og Lånekassa er blant dei som med stort hell har gjort ei slik omstilling. Dette burde også kommunane, regionane og statlege organ kunne fått standardiserte verktøy for nettopp å sikre gode tenester for innbyggjarane også i framtida.
KrF ynskjer meir teknologi som fremjar det beste for fellesskapet.
Inntekter
Det neste vi treng for å drifte velferdsstaten, er inntekter.
KrF vil føre ein målretta næringspolitikk som bidreg til fleire arbeidsplassar, innovasjon og nyskaping. Vi treng fleire arbeidsplassar, meir spesifikt industri og eksportnæring. Maritim industri, industri bygd på ei ny verdikjede av bruk av karbon frå co2 fangst, (CCU/CCUS) teknologiutvikling, batteriindustri, for å ikkje snakke om potensialet i gruvedrift på havbotnen, for å nemne nokon punkt.
Berekraft
Berekraft er det som må vere gjennomgåande i alle desse punkta, for vi kan ikkje risikere at miljøøydelegging blir ei konsekvens av inngrep. Skånsame metodar må nyttast, det vere seg i utvinning av mineral til det grøne skiftet, eller i annan industri som skal produsere og eksportere varer. For KrF har det lenge vore eit viktig poeng at det skal løne seg å investere i bedrifter, då gjennom mindre skatt på det som blir kalla for arbeidande kapital (maskiner, bygningar material m.m)
Verdiskaping er viktig for Noreg, både for å skape arbeidsplassar, og få menneske inn i arbeid, men også for å oppretthalde skatteinntektene til velferdssamfunnet. Det betyr ikkje nødvendigvis at det skal vere evig vekst, men at vi finn nye måtar å løyse problema, ikkje berre her i Noreg, men også i andre land. Nye verdikjeder basert på sirkulær økonomi, blir viktigare og viktigare. Vi må også i større grad kunne sjå menneske med ulike utfordringar som ein ressurs! Ikkje ein byrde.
Vi er nøydde til å sjå på andre muligheiter i offentlege sektor enn å berre kutte med «ostehøvel», eller auka kostnadane til eit stadig esande byråkrati. Vi treng meir kreative løysingar, og dei digitale verktøya for å oppnå dei løysingane. Og vilje til omstilling, og gjere ting annleis.
Det treng vi nettopp for å bevare dei gode tenestane som velferdsstaten gir oss, også i framtida.