Gå til sidens hovedinnhold

Ei katastrofe for landbruket

Kronikk

Alle gode krefter har sikkert heile tida gjort sitt beste for å betre dei økonomiske tilhøva i landbruket. Utviklinga viser at dette ikkje er godt nok. Avtalen med staten, den såkalla Jordbruksavtalen, er av mange karakterisert som eit politisk genistrek. Næringa er til trass for dette no så ille ute at ein kan snakke om at ein står ved ein skiljeveg mellom utvikling og av-vikling. Difor må det satsast nytt og heilhjarta med nytenking, om Norge skal ha eit landbruksmiljø slik vi ønskjer oss for heile landet

Katastrofetal

For 20 år sidan var talet på mjølkeprodusentar, 22.400 i dag er talet nede på 7.598. For 20 år sidan var det 14 mjølkekyr på kvar gard, no er det kome opp i 28. Marknadsøkonomisk kan ei slik strukturendring sjå fin ut, men det er ei katastrofe for landbruket. Dei 15.000 arbeidsplassane i landbruket er lagt ned dei same 20 åra, der bøndene har funne seg anna arbeid. Ei utvikling med færre og større bruk, er ei følgje av norsk politikk og utanlandske avtalar.

Økonomien i landbruket har heile tida forverra seg på den måten at utgiftene har auka meir enn inntektene. Det er denne inntektssvikten som har gjort at 15.000 mjølkeprodusentar har slutta dei siste 20 åra. Dette er folk med innsikt og som kan arbeide og dei har difor funne seg anna arbeid, sjølv om dei hadde likt best å halde fram i bondeyrket i landbruket.

Kan ein snu utviklinga? Vi har altfor lett for å framskrive og akseptere utviklinga med at den er eit faktum som det ikkje kan gjerast noko med. Ei slik haldning er feil. Vi må finne ut kvar vi står og det er eit årsverk til halv betaling. Rammevilkåra må styrkast om vi skal klare å ta tilbake landbruket. Og styrke det miljøet vi treng om bygdenorge skal ha ei framtid.

Vegen vidare er at ein må vite kva ein vil med landbruket i framtida. Eit stort fleirtal av befolkninga ønskjer å ha norsk mat utan forureining av miljøet og utan bruk av giftige sprøytemiddel. Vi har hatt ei utvikling med altfor stor nedbygging av matjorda og er no nede i ei sjølvforsyningsgrad på 38 prosent. Resten av maten vert importerer vi frå utlandet.

Totalgjennomgang

Stortinget er avtalepartnar for Jordbruksavtalen og slik ansvarleg for at nasjonen har nok mat i einkvar situasjon, slikt som krigar, naturkatastrofar og pandemiar.

Målet om sjølvforsyning kan vi ikkje nå utan eit velfungerande landbruk der ein tek miljøomsyn og omsyn til berekraft i næringa. Difor må det gjerast ein totalgjennomgang av prinsippa og fornying av landbrukspolitikken. Berekraft er at det skal vere samsvar mellom areal og dyretal.

Reglane for kvotetildeling for samdrifter vart dobla då Sylvi Listhaug var landbruksminister. Ho er slik den landbruksminister som har gjort mest ugagn og skade for landbruket. Difor må ein ha ein totalgjennomgang av kvotesystemet der berekraft er retningsgjevande.

Utviklinga med leigejord er og uheldig på lang sikt. Stor avstand mellom bruka er og uheldig miljømessig og det må ein difor unngå i framtida. Statens forkjøpsrett til jord må difor innførast om ein skal kunne styre bruksarronderinga slik ein ønskjer. Forbodet mot nydyrking av myr bør opphevast. Vi har no under 3% av landarealet som er matjord. Det har vore ei altfor stor nedbygging av dyrkajord til denne tid. For å styrke næringsgrunnlaget for matproduksjon må det difor innførst tilskot til nydyrking.

Les også

En landbrukspolitikk for framtida

Les også

MDG med total kunnskapsmangel om norsk landbruk

Les også

– Kjem til å føre med seg ei massiv nedlegging av mjølkebruk

Innovasjon Norge har fått spele ei altfor viktig rolle i utbygginga av nye landbruksbygg. Dei har lagt marknadsøkonomi til grunn for si kredittvurdering og slik vore med på å innføre driftsplaner, til mykje større bruk. Det blir heilt feil og det er ikkje ei slik utvikling norsk landbruk treng. Kravet om utfasing av båsfjøs må få eit unnatak, slik at alle som i dag har båsfjøs må få drive så lenge dei ønskjer. Det same unnataket må gjelde der ein tek i bruk eldre driftsbygningar med båsfjøs.

Eit nytt etablerartilskot

Skal ein få opp matproduksjonen og auka sjølvberging er det viktig å gje framtidige bønder eit betre økonomisk utkomme. Dersom landbruket vert attraktivt kan det gje mange nye arbeidsplassar med å ta i bruk leigejord og starte oppatt nedlagte gardsbruk. For å få dette til må det innførast eit etablerartilskot til alle som startar ned å drive eit gardsbruk på nytt.

Landbruksorganisasjonane står framfor ei like stor utfordring som regjeringa om ein skal gje økonomisk godt nok grunnlag for landbruket i framtida. Prisane på matvarer utgjer stadig ein mindre del av det folk tener. Det betyr at det kan takast ut meir i pris for matvarene.

Tine har ei viktig oppgåve å gjere den einskilde gard større med økonomisk god drift og god betaling til produsentane. Når ein jussprofessor tek til orde for ei deling av Tine med eit aksjeselskap for vidareforedling og produksjon må dette vurderast, sjølv om eg ikkje ser heilt kva grunnen for eit slikt AS skal vere.

Tine skal drive i Norge for norske mjølkeprodusentar og det høyrer slik ikkje heime å etablere eit meierianlegg i Irland basert på irsk mjølk. I miljøsamanheng på konsumproduksjon må Tine vurdere all si køyring miljømessig. Det var slik eit rett vedtak å oppretthalde dei to meierianlegga som er i Finnmark der nedlegginga ville føre med seg ein meiningslaus mjølketransport både ut og inn i distriktet.

Nortura har også dei same krav på seg om å bidra til ein betre økonomi til bonden. Både for Tine og Nortura gjeld at dei må sjå på sin eigen organisasjon og det er eit ope økonomisk spørsmål om desse treng å ha sine hovudadministrasjonar i Oslo.

Regjeringa sit med ansvaret

Utfasinga av eksportstøtta til Jarlsbergosten er eit døme som stadfastar uttrykket om å vere meir katolsk enn paven. Regjeringa gjorde her eit feil vedtak, som støtta eit krev frå WTO om å forby eksportstøtte. Island har ikkje gjort noko slikt vedtak og har staden dobla sin osteeksport. Stortingsvedtaket gjorde at Tine for å kunne fortsette med produksjonen av merkevara Jarlsbergost, vart tvinga ut av landet. Tine bygde eit meierianlegg til 800 millionar i Irland, produsert av irsk mjølk. Dette er i tillegg lang på veg eit lovbrot for Tine og dei økonomske tapa dette kan føre til er det mjølkeprodusentane som må dekke. Utfasinga av Jarlsbergosten ga eit problem for Tine med overproduksjon i kvotesystemet, som gjorde at regjeringa gjekk ut og kjøpte opp mjølkekvotar slik at 435 produsentar vart oppmoda om å slutte med mjølkeproduksjon.

Forstå ein slik landbrukspolitikk, den som kan.

Kommentarer til denne saken