Ei gjeterbu til besvær

Betenkt over manglande kunnskap om lokale forhald hjå Mattilsynet i gjeterbusaka.

Betenkt over manglande kunnskap om lokale forhald hjå Mattilsynet i gjeterbusaka. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Mattilsynet påklager vedtaket fra Tingvoll kommune gjeldande godkjenning av gjeterbu i Herresdalen 112/002. I sin klage syner mattilsynet til regelverk som seier at dei har uttale- og klagerett.
30.04.2020 blei klage frå Mattilsynet registrert motteke av Tingvoll kommune.

I sin klage har Mattilsynet vist til ulike lover, forskrifter og til skjønnet for Storvatnet. Det er i liten grad dokumentert samanheng mellom lovgrunnlag og faktisk forhald, samt at mykje av konklusjonen bygger på antagelser. Teoretiske tenkte tilfeller kan ikkje nyttes som argument når det ikkje foreligg sannsynlegheit for at desse vert reelle.
Mattilsynet syner til at drikkevannsforskrifta seier at vassverkseiger plikter å beskytte drikkevannskjelda mot utreining, noko Kristiansund kommune har gjort ved klausulering av Storvatnet. Den omsøkte gjeterbua er planlagt med nullutsleppsløysing og vil bidra til å beskytte drikkevasskjelda i forhald til dagens situasjon. Den oppfyller dermed intensjonen i Folkehelseinstituttet sin rapport 127 som Mattilsynet syner til. Mattilsynet har godkjent tilsvarande løysinger i hytter som ligg svært nært Storvatnet, nærare enn 50 meter. Gjeterbua ligg 5 km unna Storvatnet.
Klausuleringa av Storvatnet seier at det er lov å reise naudsynte landbruksbygg. Rovdyrsituasjonen i Ytre Tingvoll kommune tilseier eit tilsyn av beitedyr langt ut over Mattilsynets reglement, eit lokalt forhald Mattilsynet burde vere godt kjent med ut i frå deira ansvar i slike saker. Det er høgst truleg at eigarane av gjeterbua i beitesesongen lyt leige inn personer til å føre tilsyn med beitedyra, og må da ha tilgang til husvære som tilfredstiller Arbeidstilsynet sine krav til opphaldsrom og innkvartering. Gjeterbua oppfyller Arbeidstilsynet sine krav. Eigaren av gjeterbua har ikkje tilgang på slikt husvære i beiteområdet.

– Trist å lese at Kristiansund kommune må tillegge eier uredelige motiver

– Vis storsinn, Kristiansund!

Kontakt på høyeste politiske og administrative nivå om gjeterbua, men ingen enighet

Tilsyn med utgangspunkt frå hovudbruket som ligg 5-6 km unna gjeterbua vi føre til auka motorisert ferdsel i området, noko som er strengt klausulert. Det går bilveg frå hovedbruket til Gammelsetra, derifrå er det ca 2 km inn til botnen av Herresdalen. Før ein kjem til Gammelsetra går det ein skogveg inn til Herresdalen, ikkje bilveg som Mattilsynet seier. Tilsyn av beitedyr med utgangspunkt frå hovedbruket vil ikkje gje same kvalitet på tilsyn som det ein får ved å kunne opphalde seg i lengre tid i beiteområdet.

Mattilsynet har gjort det til eit hovedpunkt at det er fare for presedens for bygging av nye landbruksbygg i nedbørsområdet om ein tillet denne gjeterbua. Klausuleringa forbyr sal av tomter i nedbørsfeltet, slik at det kun er grunneigarar som har opning for å bygge der. Dei grunneigarane eller personer med beiterett som har beitedyr i nedbørsfeltet har alle tilgang til eiga seter eller hytte. For dei som ikkje er grunneigarar i området er det ikkje aktuelt å drive tilsyn med utganspunkt frå nedbørsfeltet til Storvatnet. Med andre ord er det ingen reell trussel at denne gjeterbua vil føre til noko form for presedens ut i frå lokale forhold. Mattilsynet burde hatt kunnskaper om dette, slik at ikkje dette feilinntrykket blir skapt.
Eigarane av gjeterbua driv aktivt tilsyn av sau over større område av beiteområdet. Dei fører tilsyn i eit område som dekker 5-6 andre besetninger. Det vil ikkje vere feil å seie at dei bedriver tilsyn på vegne av Ytre Tingvoll Beitelag sine medlemmer, og gjeterbua må sjåas på som gjeterbu for beitelag. Gjeterbua si plassering fører til at dei andre brukarane av beiteområdet kan konsentrere sitt tilsyn på andre områder, noko som gjev redusert aktivitet i nedbørfeltet.
Eigarane av gjeterbua bur allereie i nedbørsfeltet, og kvar dei oppheld seg på eigen eigendom endrer ikkje mengda aktiviteten i nedbørsområdet. Argumentet om at gjeterbua vil føre til aukt aktivitet i nedbørsfeltet er difor ikkje reelt.

Kort omsummert:
• Gjeterbua oppfyller arbeidsmiljølova sine krav til innkvartering og opphaldsrom, og er i tråd med skjønnet sitt krav om at kun landbruksbygg kan reisas i nedbørsfeltet.
• Godkjenning av gjeterbua vil redusere motorisert ferdsel i nedbørsfeltet.
• Gjeterbua vil ikkje føre til auka aktivitet, men mindre i samband med gjeting/tilsyn.
• Gjeterbua vil innhalde toalettløysing godkjent i området allereie, og redusere faren for utslepp til drikkevatnet.
• På grunn av klausuleringen, eksisterande seterhus/hytter, beiterett og kven som er grunneigarar i området er det ingen reell fare for nye gjeterbuer i området.
• Det er ikkje bilveg heilt inn til Herresdalen, men skogsveg siste 2-3 km.

Mattilsynet sin klage er difor ikkje relevant og gjev ikkje grunnlag for å nekte godkjenning av gjeterbua.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken