At E-39 Hordfast i Vestland fylke gjekk vekk frå djupe undersjøiske tunellar og no planlegg flytebruer til halve prisen, beviser at Romsdalsaksen er det beste alternativet for kryssing av Romsdalsfjorden.

Det pågår no tydeleg ein debatt i regjeringa om å kutte ned på kostnadane og vurdere kost nytte og trafikkgrunnlaga på store samferdselsprosjekt. SP ved leiaren i transportkomiteen og fleire andre snakkar på inn- og utpust om nedskalering av vegbygging frå firefeltsveg til tre/to-feltsveg, samt bruke meir av vegpengane til fylkesveg og vegvedlikehold. Miljø skal også leggjast større vekt på, men firefeltsveg skal fortsatt byggjast der trafikkgrunnlaget tilseier dette.

Kor er logikken?

Kvar gong eg treff Erling Sande i SP, utfordra eg han på kvar logikken då ligg i å tviholde på Møreaksen, 30-40 milliard kr, firefeltsveg til 2.300 bilar i døgnet?

Registrerar at lufta er på veg til å gå ut av støtta sentralt i mange partier til ein Møreakse for 2.300 bilar, miljøversting i vegsektoren her i landet, og kost nytte «på botn av fjorden».

Sjølvsagt vil dei fleste parti byggje veg billigast mogeleg, mest mogeleg miljømessig, minst vedlikehold og med minst ulemper for folk flest og næringslivet. Såleis vil sjølvsagt aldri Møreaksen sjå dagens lys, men sakte og sikkert havne djupt ned i ei skuff. Dette fordi ein i dag ikkje kan bruke 30-40 milliard kr på ein veg som er stikk i strid med ny miljøretta teknologi slik som flytebruer faktisk er. Sjølvsagt vil regjeringa vurdere andre løysningar for kryssing av Romsdalsfjorden, og sjølvsagt vil også Statens vegvesen region midt til slutt bli instruert til å lytte til sine kollegaer i E-39 Hordfast og region vest.

Har god tid

Undersjøiske tunellar ned på 300-400 m djup er historie, billigare, meir miljøretta og framtidsretta flytebruer er kome for å bli. Såleis vil Romsdalsaksen vere det rette alternativet for kryssing av Romsdalsfjorden dersom ferjene skal skiftast ut.

Eg oppmodar verkeleg Romsdalsaksen-forkjemparane om å fortsette sitt svært gode arbeide. Og når eg ser panikken som breiar seg i Møreaksen-klanen, kan det verke som om dei sjølve har oppdaga at dei har tapt.

Vi har god tid til å planlegge Romsdalsaksen, byggje ferdig E-136 og sørge for eit billig, miljømessig, trygt og godt alternativ over Romsdalsfjorden kan byggjast i framtida.

Les også

Massiv motstand mot Møreaksen

Les også

Fergefri E39 – feilaktige myter om Møreaksen