Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Erling Dragseth, Rensvik, uttrykker i eit innlegg i TK 19/11-20 mistru og forakt til «våre selvutnevnte klimaeksperter» som viser til «narrativet om klimatrusselen» og drar i tvil samanhengen mellom bruk av fossilt brennstoff og auken i temperaturen på jorda, og samanhengen mellom våtare klima og behovet for meir energi. I tillegg hevdar han m.a. at «media er jo disse klimaekspertenes fremste våpendrager».

Selvmotsigende klimapåstander
Befolkninga på Nordmøre og lesarane av Tidens Krav må jo prise seg godt fornøgd med at avisa held seg med ein slik «klimarealist» som i staden for «den hypotetiske klimadebatten» har slike ekspertar som Dragseth til å rettleie oss mot dei bekymringane og tilrådingane som FNs klimapanel og brorparten av klimaekspertane i verda uttrykker. For «synsingen» gjeld tydelegvis ikkje Rensvik og næraste omland.