Gå til sidens hovedinnhold

«Disse klimaekspertene» på Nordmøre

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Stein Fredrik Sollid har i TK 25/11-20 slått seg i lag med «klimaekspert» Erling Dragseth (jf TK 19/11) om å dra i tvil konklusjonane frå FNs klimapanel om den bekymringsfulle klimautviklinga.

Eg dristar meg sjølvsagt ikkje til å debattere med slike ekspertar. Det er først og fremst to grunnar til det:

a) I arbeidslivet har eg lært at «fagfolk er fagfolk». Også eg har registrert at det er ein viss fagleg debatt om konklusjonane frå FNs klimapanel – men at hovudkonklusjonane om den uvanleg raske og bekymringsfulle klima- og miljøutviklinga på kloden vår står fast.

b) Eg er sterk tilhengar av «føre-var-prinsippet». Med tanke på livsvilkåra for både våre etterkommarar – og ikkje minst med tanke på dei som lever i enda verre klimautsette delar av kloden, bør vi etter mitt syn ta tilrådingane frå FNs klimapanel og ambisjonane frå FNs klima-toppmøte på største alvor (jf nettsidene til FN-sambandet for oppdatert informasjon).

Les også

Hvorfor være så sikker?

Les også

Overskudd på elektrisk kraft

Les også

Selvmotsigende klimapåstander

Les også

«Disse klimaekspertene»

Kommentarer til denne saken