Vi er så glade for at Atlanten-, Kristiansund- og Hustadvika vidaregåande skolar har blitt FN-skolar. No vil elevane på Nordmøre og i heile Møre og Romsdal få tilbod om ei enda betre utdanning innan internasjonale forhald, globalt samarbeid og berekraftig utvikling. Dette er særleg viktig i ei tid der krig og internasjonale kriser pregar nyheitene.

Bakgrunnen for det utvida utdanningstilbodet er at Møre og Romsdal fylkeskommune og FN-sambandet har skrive under på ein kollektiv avtale som vil gi betre samarbeid. Skolane får no tilgang på ei rekke tilbod som gir meir kunnskap om internasjonale saker og FN.

FN-sambandet har ansvar for alle FN-skolane i Noreg. Vårt flaggskip er FN-rollespela, der det viktigaste er rollespelet om FNs Tryggleiksråd. FN-sambandet har informert om FN og FNs arbeid sidan 1946 og gruppa vi jobbar mest med er barn og unge i skoleverket.

Kva er ein FN-skole?

FN-sambandet tilbyr altså aktivitetar ute i skolen, som FN-rollespelet om Tryggingsrådet der elevane sjølv får spele rollane som representantar frå ulike land som må finne løysingar på aktuelle konfliktar. Skolane kan også melde på klassar til rollespel om menneskerettar, «Tekstilfabrikken» som handlar om faglege rettar og «Handelspelet» med klimaforhandlingar. I tillegg tilbyr vi FN-filmar, FN-foredrag og eit opplegg der elevane skal lage si eiga avis om ulike tema. Fleire skolar i distriktet har allereie brukt aktivitetane, som FN-rollespel i undervisninga si. Alt passar inn i læreplanane, og treng derfor ikkje tilpassing til den daglege undervisninga.

Vi har også ein base med over 50 aktuelle og engasjerande aktivitetar og undervisningsopplegg som læraren sjølv kan utføre i klasserommet, inndelt etter tema. Vi tilbyr kurs og fagdagar om korleis læraren kan undervise for berekraftig utvikling. Dei fleste aktivitetane kan vi også gjennomføre digitalt.

Med den nye ordninga der alle skolane i fylket er FN-skolar, er tilboda lavt prisa. Med medlemsavtalen mellom fylkeskommunen og FN-sambandet, blir det enklare å sikre eit langsiktig arbeid for å gje elevane den beste internasjonale utdanninga, der dei bur.

Nå er det dykkar tur

No er det rektoren, læraren, FAU og elevane som avgjer kor mykje internasjonal kunnskap dei unge skal få. Avtalen er altså berre eit første steg på vegen.

Det er elevane og dei tilsette på skolane, som må bestille rollespel eller andre tilbod. Vi i FN-sambandet vil gjerne kome i gong med det vi er best på; underhaldande, lærerike utdanningstilbod.

No håpar vi at alle skolane vil prioritere at elevane får dette inn i si utdanning.