Gå til sidens hovedinnhold

Det vart ikkje meir nærpoliti

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nærpolitireforma vart ifølgje regjeringa ferdig i 2020. Men i ein fersk evalueringsrapport står det svart på kvitt at politiet ikkje har vorte meir synleg eller tilgjengeleg etter snart åtte år med Frps og Høgres justisministrar.

Regjeringa og Frp har latt grunnmuren i politiet forfalle, medan dei har pussa opp toppetasjen. Sentralisering av politifolk til kontorjobbar i byene, milliardar til konsulentar, nytt hovudkvarter for Politidirektoratet og over 720 fleire tilsette i sentralt politibyråkrati sidan 2013 har gått ut over lokalt, tilstadeverande politi over heile landet. Nokre stader har det sjølvsagt skjedd satsingar, vorte fleire tilsette og kome nyare utstyr. Men 2/3 av politistasjonane og lensmannskontora har anten vorte lagt ned eller mista tilsette gjennom reforma.

Evalueringsrapporten viser at politiet slit med aldrande utstyr. I 2017 sa Erna Solberg: «I løpet av de neste fire årene lover Høyre å bruke 700 millioner kroner for å kutte gjennomsnittsalderen for bilparken til norsk politi med to år». I 2017 var snittalderen for bilparken 5,9 år. I 2019 var den auka til 6,6 år. Det økonomiske handlingsrommet til politidistrikta har krympa sidan 2015. Talet på politibåtar er redusert med om lag 1/3 siden 2013.

Svarar ikkje

Riksadvokaten er bekymra for utviklinga i oppklaring av straffesaker. Gjennom den såkalla nærpolitireforma er oppklaringsprosenten redusert fra 53 prosent i 2016 til 49 prosent i 2020. I 2020 var oppklaringsprosenten den lågaste på ti år. Dette vurderer Riksadvokaten som ikkje akseptabelt. Saksbehandlingstida for straffesaker har også auka i same periode.

Noko av det mest oppsiktsvekkande er at politiet ikkje svarer på 30 prosent av telefonanropa. Både bedrifter, kommunar og vanlege folk slit med å koma i kontakt med politiet. Nettpatruljene fungerer også svært ulikt. I mange distrikt har dei berre ope på dagtid i vekedagane. Evalueringa viser: «Verken nettpatruljen eller andre digitale løsninger og tjenester kan erstatte fysisk tilstedeværelse».

Dei tillitsvalte i Politiets Fellesforbund har i fleire år advart mot utviklinga og at politiet fjernar seg frå folk. NTL og Parat har varsla om at politiet ikkje har handlingsrom til å rekruttere folk som trengst blant annet for å bekjempe datakriminalitet. Politijuristane har fortalt om ei ekstrem belastning for politiadvokatene som kan gå utover rettssikkerheta. Dei har også advart mot at innsatsen mot organisert kriminalitet blir nedprioritert. Oppklaringsprosenten for straffesaker var i 2020 den lågaste på 10 år og saksbehandlingstida har auka.

Danskane har snudd

Danmark innførte ein versjon av «nærpolitireforma» ti år før regjeringa, Frp og Ap gjorde det same her i Norge. Danskane har innsett at resultatet heller vart eit fjernpoliti også hos dei. No har danskane snudd og det skal bli bygd 20 nye lokale politistasjonar over heile landet. Dei kuttar i sentralt politibyråkrati og fleire lokale politifolk blir tilsette. Meir nærheit er svaret i Danmark. Det er den same oppskrifta Senterpartiet meiner trengst i Norge.

Norsk politi- og lensmannsetat har 900 år lange røter. Nærheit, lokalkunnskap, tilgjengelegheit og tilstadeverelse har vore grunnlaget for suksess både i bygd og i by. Å rive bort dette gjennom å legge ned over 120 lensmannskontor og politistasjonar, samt å fjerne tilsette frå halvparten av dei som står att har vore ein feilslått politikk.

Senterpartiet vil kutte kraftig i politiets konsulentbruk og sentralt politibyråkrati. Pengane i politiet må ut til politidistrikta og lokalt politi. Politiet må få meir tillit, pengar og handlingsrom til både å førebygge, auke talet på patruljar, kjøpe inn nødvendig utstyr og tilby innbyggarane dei tenester som folk treng. Vi vil ha politiet nær folk – i heile Norge.

Les også

Behov for politi nær folk

Les også

Fremtidens politi må møte fremtidens utfordringer

Kommentarer til denne saken