Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Vi ser det er ein del spørsmål om ventelokale og andre fasilitetar knytt til kollektivtransport i Kristiansund sentrum, etter at den gamle rutebilstasjonen vart reven for å gi plass til det nye Campus-prosjektet.
Ventelokale på «Lektern»
I byggeperioden er det terminal med ventelokale og toalett på «Lektern», hurtigbåtterminalen, der båten som går til Smøla og Trondheim legg til. Informasjonsskjerm kjem òg. Ekspedisjonen (FRAM) for informasjon og kjøp av billettar er flytta til krysset Fosnagata/Astrups gate. Ved Astrups gate blir det i løpet av kort tid satt opp haldeplass-skur.
Mellombels løysing til Campus er klart
Målet vårt er at alle reisande, på både by- og distriktsrutene, samt ekspressrutene, skal kunne nytte denne terminalen på ein god og trygg måte i byggeperioden. Infrastrukturen startar å ta form slik at det etter kvart blir lettare for passasjerane å orientere seg på området. Sidan dette er eit anleggsområde ber vi om orsaking for at det kan bli nokre utfordringar undervegs.
Hovudmålet er å bygge opp kollektivtrafikken slik at vi får eit godt busstilbod til studentar og arbeidsreisande når Campus er klar til bruk.

Er «ansvaret» der «ansvaret» skal ligge?
Hvorfor er det så få som reiser med buss i Kristiansund?
