Gå til sidens hovedinnhold

«Det er itjnå som kjem tå seg sjøl»

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kvinnelege politiske pionerar i politikken

I eit stort innlegg i Tidens Krav 11/1-2022 presenterer dei fire kvinnelege stortingsrepresentantane frå fylket vårt «Pionarar frå Møre og Romsdal». Og dei fremste er Mary Eide (AP) og Aslaug Fredriksen (KrF). Begge vart valde i 1977.

Samtidig bør det understrekast at då Møre og Romsdal endeleg fekk valt kvinner til Stortinget, 55 år etter den første kvinna på Stortinget, var det berre eitt av Agder-fylka som var like sein med å prioritere kvinner. Og den skeptiske holdninga til politisk likestilling for kvinner, galdt ikkje berre Stortinget, men også kommunestyra og fylkespolitikken. Det var først på 1970-talet at kvinner her i fylket slapp til i vesentleg grad.

Og det var skilnad på partia. Dei partia som var mest offensive når det galdt å velje kvinner, var Venstre og SV – som på 1970-talet stilte krav om minst 40 prosent kvinner på listene. Dei mest «bakstreverske» partia var Senterpartiet og Fremskrittspartiet. For Senterpartiet var balansen mellom fogderia til langt ut på 1980-talet langt viktigare enn kjønnsbalansen, og ei hindring for at t.d. Kristin Sørheim kunne få ein sentral plass på stortingslista. Og i Frp hevda partileiar Sve lenge at partiet ikkje såg på kjønn, berre på dyktigheit. Samtidig må vi ha i mente at Møre og Romsdal lenge hadde mange bygdelister, der kvinner hadde vanskar med å nå fram. Dei nasjonale politiske partia vart ein viktig informasjons- og skoleringskanal for kvinnerepresentasjon.

I dag ser dei fleste at det er eit stort pluss både for det politiske systemet vårt og for dei sakene som blir løfta fram til politisk debatt og behandling, at alle delar av befolkinga er godt representert i våre politiske styringsorgan.

Les også

Stortinget: To pionerar frå Møre og Romsdal

Kommentarer til denne saken