Gå til sidens hovedinnhold

Det einaste som er destruktivt er Møreaksen

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Når Torgeir er sint og mister besinnelsen, så har han alltid tapt, egentlig lett å forstå når Møreaksen no er over og ut.

Ein er ikkje ondsinna ved å vere imot Møreaksen og alt ikring dette greinalause makkverket av eit prosjekt. Faktisk er vi i Frp meir opptekne av å lytte til «vanlige folk, folk flest og næringslivet», og ikkje slik spesielt Høgre og Torgeir bedriv, ved å heve seg over snart 80 % av innbyggjarane her i fylket som ynskjer Møreaksen dit «pepperen gror».

Vi er ikkje imot Kjerringsundet isolert sett, den kan byggjast dersom Aukra og Midsund/Molde ynskjer dette, men dette må då koblas mot noko anna enn Møreaksen.

Å fortsette å tru at Kjerringsundet kan byggjast som ein del av Møreaksen, er å «bere høy til ein døyande hest».

Eg forstår godt at Torgeir er skuffa og sint over at slaget om Møreaksen er tapt, men då må ein løfte blikket og sjå framover mot andre mykje meir realistiske fastlandsalternativ for Midsund og Aukra.

No må alle jobbe vidare for Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer over Romsdalsfjorden, og samtidig sørge for at Midsund og Aukra får sitt fylkesvegprosjekt med eige fastlandssamband.

Les også

Dahl etter forslag: – Det er ondsinnet

Kommentarer til denne saken