↓ Dette er en kommersiell tjeneste fra Amedia Marked
 
Hjemmeside Telefon Adresser

På nettet

Send epost

Telefon

71 64 77 00

Besøksadresse

Mjosundvegen 306
6693 MJOSUNDET
  1. Beskrivelse

Om MBH

MBH AS er ei mekanisk bedrift med ca 40 medarbeidarar som produserer og tek service på eigenutvikla skipsutstyr over eit vidt spekter.

Les meir under «Produkt» og «Service & Tenester«

MBH leverer utstyr så og seie over heile verda, der det er kyst.

Les meir under «Kundar«.

MBH held til i Mjosundet, i Aure kommune på Nordmøre.

Les meir under «Fakta» og «Nærmiljøet vårt«.

MBH er ei familiebedrift tufta på tidlegare Mjosdundet Båtbyggeri A/L som vart etablert i 1926.

Les meir under «Historie«. Historekapitlet er så langt temmeleg summarisk.

 

Produkt

Vår spesialitet er hydraulisk skipsutstyr i sjøvassbestandig aluminium og rustfritt stål.

 

Dvs at:

  • Vinsjar og capstanar
  • Kraner og anna løfteutstyr
  • MOB davitar og kraner
  • Sidepropellar
  • Spesialprodukt og
  • Systemløysingar. LARS

 

er ei dekkande som ei kortliste for hoveddelen av produktspektret vårt.

Fann du ikkkje det du leita etter?

Ta kontakt, kanskje har vi det likevel.

Om ikkje, kanskje vi skal utvikle noko saman?

 

 

Service & Tenester

Mesteparten av det utstyret vi leverer er på eitt eller anna vis kritisk for for båt og inntening.

Dette er noko vi tek alvorleg, og vi gjer vårt beste for å vere der når kundane våre treng det.

 

For å ivareta dette har vi eigne servicefolk.

Det aller meste av reiseverksemda er planlagte oppdrag i tilknytning til oppstart eller sevice, men normalt kan vi likevel stille på kort varsel dersom det skulle vere behov for det.

 

Servicefolka våre er høgt kvalifiserte medarbeidarar som også er involverte i produksjon og produktutvikling.

Dette er med og sikrar at vi stiller med personell som har inngåande kjennskap til dei produkta som skal ivaretakast.

 

 

Utvikling & Produksjon

Vi utfører i utgangspunktet all produktutvikling og all produksjon sjølve.

 

Det er grunnen til at meir enn 10% av arbeidstokken vår er sysselset med produktutvikling, design, konstruksjon og teikningsproduksjon og at omkring 25% av medarbeidarane våre jamnleg er involverte i produktutvikling som ein viktig del av jobben.

 

Den høge graden av eigenproduksjon er samtidig grunnen til at vi har svært kompetente produsjonsleiarar som ofte er viktige premissleverandørar når nye prosjekt skal konkretiserast.

 

Men det finst sjølvsagt unntak der vi leiger inn spesiell spisskompetanse, eller vi set bort enklare produksjonsoppgåver av kapasitetshensyn.