Ein klok mann sa dette til meg i sommar: «Utan sanning er demokrati umogeleg.»

Korleis er det med sanninga i debatten der nyorda «berekraft» og «det grøne skiftet» har dukka opp som mantra i styringsverk og media? Når no temperaturen har stige på Mars og Venus; er det mennesket sitt forbruk av fossile energikjelder som har skulda? Eg berre spør i undring og lurer på kvifor det blir lagt lokk på sanninga om global oppvarming i heile solsystemet?.

To prinsipp

I dagens samfunn dominerer to ulike prinsipp for produksjon av elektrisk kraft. Termisk eller fysisk drift av ein generator. Varme til termisk drift får ein ved bruk av fossilt eller radioaktivt brensel. Vi veit at fossilt brensel gir ureining som er lite ønskeleg. Radioaktivt brensel er det farlegaste, både fordi det gir farleg radioaktivt avfall, og fordi det tilfører negativt lada nanopartiklar lengst ute i atmosfæren. Ozonlaget lid. Godt å vite at milliardæren Trond Mohn har råd til å tape investeringa i det nye selskapet for å etablere atomkraftverk i Noreg.

Varme til termisk energiproduksjon kan ein få ved å bore ned om lag 3 km i jordskorpa. Ingen farlege avfallsprodukt og minimalt med naturinngrep.

For få smilefjes

Nye energieffektive generatorar i norske vasskraftverk kunne erstatte fleirfaldige vindkraftverk utan rasering av norsk natur. Aberet er at inntektene kunne hamne i norske kommunar i staden for lommene til den internasjonale finanseliten. Dermed blir det vel for lite smilefjes å få for regjering og storting frå Brussel og Davos. Du forstår agendaen?

Ein smølabonde blir nekta å utvide åkeren i myrområde, men utanlandsk kapital har fritt leide til å rasere myr, reinbeite, naturområde og livskvalitet for folket. Internasjonale smilefjes på CV-en er kanskje viktigare for framtidige toppverv i skatteparadis?

Mindre sjølvreinsing?

No står havvind høgt oppe på agendaen. Kven tar akt på at mekaniske vibrasjonar frå slike konstruksjonar overfører frekvensar til havet som reduserer havet si eiga evne til å sjølvreinse seg? Og kva med konsekvensen av framtidige orkanar i eit mindre stabilt solsystem?

Dei politisk populære alternativa er alle hefta med alvorleg ulempe. Dermed vil det no tvinge seg fram at elektrisiteten sin skytsengel, Nikola Tesla, sine patent blir utvikla og tatt i bruk. Mange vitskapsmenn har gjennom åra arbeidd med fri energi, slik Nikola Tesla gjorde for om lag hundre år sidan. Kapitalistane som bygde sin rikdom ut frå dei tradisjonelle energiressursane visste korleis dei skulle eliminere konkurranse frå billeg og ureiningsfri energi. Tesla har vist at vi har uendeleg med energiressursar i feltet mellom ei negativt lada jord og ein positivt lada motpol i jorda sitt ytre magnetfelt.

Må betale det mangedobbelte

No applauderer den politiske eliten eit prissystem for elektrisitet der kostnaden med å produsere den marginalt dyraste straumen fastset prisen for all elektrisk straum. Dermed må brukaren betale det mangedobbelte av gjennomsnittleg produksjonskostnad. I ei verd som svelt går matprodusentane konkurs eller pløyer ned delar av avlinga. Kjølelager blir for dyrt.

Saboterer folkets nei

Vi har i lang tid, og framleis, eit styringssett som systematisk saboterer folkets nei til Brussel i september 1972. Jubileum, 50 år no. Når skal folk vakne opp frå tornerosesøvnen der dei er fanga i ein draum: «Vi må då stole på styresmaktene». Det vi treng er ein ny gerilja. Ein gerilja for sanning. Berre slik kan folket få etablert eit nytt demokratisk styresett. Folkets demokrati bygd på sanning!