Gå til sidens hovedinnhold

Delta-virus innanfor frilufts- og kulturlivet?

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Alkoholtradisjonane og alkoholbruken lever i beste velgåande, ikkje minst her på Nordvestlandet og i Trøndelag. Og liksom deltaviruset synest å fortrenge dei andre virussortane i korona-epidemien, synest alkoholen å få stadig større plass innanfor kultur- og friluftslivet. No har også Vandrefestivalen på Nordmøre fått sine innslag av aldersgrenser mot barn og ungdom, bryggeri- og alkoholreklame og ølsmaking. Då blir sjølvsagt også både vandringa og musikkunderhaldninga så mykje betre, slik vi også erfarer at dei tenker rundt om på svært mange av musikkfestivalane.

Les også

Nyheim ny leder: Skal løfte vandrefestivalen til et regionalt fyrtårn

Suksessen sikra

Og dersom ein så i tillegg kan leige inn ein kjendis som kan forsikre oss om at alkoholhistoria og øldrikkinga er og opp gjennom tidene har vore eit bidrag til folkehelse og folkelykke, så er sikkert suksessen sikra.

For dei siste tiåra har alkoholbruken tatt seg godt opp, og både kunnskapsnivå og solidariske folkehelseperspektiv blitt svekka, anten det gjeld synet på alkoholproduksjon, skjenking og bruk. Dei rusfrie og familievennlege områda og arrangementa er under press, anten det dreier seg om idrettsarenaer, kulturhus, turistforeiningshytter eller parkar og badeplassar.

Så då kan det vel høve med eit godt kulturhistorisk bilde, frå midt på 1846, slik målaren Adolph Tidemand har skildra turen til og frå kyrkja?

Kommentarer til denne saken