Deler ut 22 millionar til kulturlivet

DEL

Møre og Romsdal deler ut 22 millionar til kulturlivet. Ei veke etter at fylkestinget behandla saka om tiltakspakkar, er no pakkane til kulturfeltet klar for å lysast ut.

– Kulturfeltet er hardt ramma som følgje av forbode med store folkemengder. Frå at dette skulle bli tidenes sommar for oss i Møre og Romsdal, ender feltet med å miste heile inntektsgrunnlaget sitt. Dette gjeld så vel kunst- og kulturinstitusjonar, som idrettslivet og frivilligheita, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen på fylkeskommunen si heimeside.

Som første fylkeskommune i landet, lyser Møre og Romsdal ut fleire tilskotsordningar for kulturfeltet: 10 millionar til å kompensere for inntektstap, 2,5 millionar kroner til kompetanseordning for avlyste og flytta arrangement, 2,5 millionar kroner for tapte leigeinntekter for frivillige lag og organisasjonar som eig og driv bygg og anlegg, 500.000 kroner i tilskot til fartøyvern, 1,6 millionar til bevaring og restaurering av kulturminne av regional og høg lokal verdi, 1,4 millionar til skilting, skjøtsel og tilrettelegging av kulturminne, historiske vegar og friluftsområde, 900.000 kroner til kompetansehevande tiltak for aktørar innan kulturelle og kreative næringar, 600.000 til kjøp av forskingsoppdrag på kultur og folkehelse. og 12 millinar kroner til digital formidling av kunst og kultur.

– Vi er særleg spent på kva effekt ordninga med tilskot til digital formidling til kunst og kultur vil ha. Ordninga skal vere eit bidrag til å halde aktiviteten oppe i feltet og auke auka produksjon og formidling av kunst og kultur på nye plattformer for alle aldersgrupper, seier kulturdirektøren.

Søknadsskjema til dei ulike ordningane blir opna seinast 30. april på Møre og Romsdal fylkeskommune si nettside.

Artikkeltags