Delegér meir makt

Av
DEL

MeningerRegjeringa bør delegere meir makt til kommunane,t.d. bør kommunane få meir juridisk råderett over fritidsbustader i sitt område.

Innleiingsvis vil eg seie det eg har sagt og skrive før: Eg er ikkje imot regjeringa sine karantene-ordningar og påbod om å halde 1-2 m avstand m.m.Tvert om, mange av desse tiltaka kom vel helst litt seint

Men eg har innvendingar, eksempelvis vil eg nemne at regjeringa sitt hytteforbod rammar altfor for breitt. Det finst fleire kommunar som ikkje har store hyttefelt langt frå der brukarane bur; hyttene kan ligge ganske nært der dei bur fast. I slike høve har ikkje regjeringa lovheimel til til å nekte bruk. Dette sa eks-justisminister Kalmyr nyleg på TV. Dette fell ikkje inn under argumentet om å ikkje overbelaste helsevesen og redningsmannskap i ei framand, lita kommune.

På fleire område tenkjer regjeringa for lite nyansert, dette påfører landet menneskelege og økonomiske kostnader som slett ikkje er naudsynte. Arbeidsplassar blir nedstengt, utan rasjonelle smittevern-grunnar, også i Oslo.

På øya her eg bur, er framleis vegarbeid i gang. 60 arbeidarar bur i brakkeleir, ingen er til no smitta. Men dei innførte tidleg smittevern-tiltak og reglar.. Slike tiltak og slikt utstyr er langt viktigare enn statistikk og matematiske modellar for å telje friske og sjuke, og intervju i media i det vide og det breie.

Regjeringa og folket må bevege seg bort frå byråkratisk tenking og underhaldning, viss landet skal komme heilskinna gjennom dette. Å stole blindt på dei styrande kan føre landet ut i uføre, og er vel heller ikkje i tråd med norske verdiar.

Folk og lokale leiarar bør også få delegert litt tillit til å vurdere sjølve, viss vi både skal bli friske og ha pengar og arbeidsplassar att, når dette er over.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags