Gå til sidens hovedinnhold

Dei unge tek ansvar - og fortenar takk

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

2020. 2021. 2022.

Ja, skal tru korleis livet vert framover for både unge og oss alle. Smittesituasjonen i landet gjer at vi nett no framleis har restriksjonar på korleis vi kan samhandle. Når smittetala gjer at ein må ha strenge smitteverntiltak, er det grunn til å bekymre seg for dei konsekvensane dette har - og får - for barn og unge, og særleg for dei som er i sårbare situasjonar.

Barn og unge har ofra mykje allereie, dei har ikkje fått vore på skule, dei har ikkje fått hatt samver med klassekompisar, medelevar, lærarar og andre vaksenpersonar i skulekvardagen. Når ein er ung, er det å få lov til å vere saman med andre særs viktig. Dette å kunne finne på ting på sparket og vere saman med fleire spontant. Dette samvêret har ikkje barn og unge fått lov til å ha - i snart eitt år no. Det er lenge.

Korleis påverkar dette framtidstrua og draumane til dagens unge? Dei unge fortenar ein stor takk for den prisen også dei har måtte betale i desse koronamånadene.

Vi må framleis halde fram med det gode arbeidet som alle gjer med å vaske hender, tenkje på hygiene, bruke munnbind, halde avstand og avstå frå å delta på store arrangement.

Slik kan vi forhåpentlegvis få ha barnehagar, skular og offentlege og private tenestetilbod opne, sjølv med varierande smittetal ulike stadar i landet.

Vidarefører tilskot

Når kvardagane vert snudd heilt om, er det framleis svært viktig at barn og unge har eitt så normalt liv som mogleg, og at det fins trygge vaksne som det går an å snakke med.

KrF har ei klar prioritering av barn og unge. Vi vil aldri kunne kompensere for ein manglande kvardag for desse gruppene, men tiltaka som regjeringa kontinuerleg iverkset viser at KrF gjer det vi kan. Blant anna må vi sørge for at færre møter ein telefonsvarar når dei ringjer for hjelp.

Mental Helse Hjelpetelefon melder om at dei ikkje har sjanse til å svare alle som tek kontakt. I 2020 klarte dei å sikre ein svarprosent på 48 prosent – samme år som dei har hatt rundt 8000 fleire dialogar som omfattar tema som sjølvmordstanker og sjølvmordshandlingar. Og dei som tek kontakt er også stadig yngre.

KrF er derfor glad for at regjeringa vidarefører det auka tilskotet på 8 millionar kroner til Alarmtelefon for barn og unge for å oppretthalde ein døgnopen telefon og med digital samtaleløysing. Det er eitt av fleire tiltak regjeringa no gjer for å hjelpe barn og unge.

Stor betydning

Regjeringa har sidan nedstengninga i mars vore bekymra for konsekvensane dette får for sårbare grupper, og fulgt dette tett. Derfor hadde vi lagt fram eigne tiltakspakkar til sårbare grupper på godt over ein milliard kroner. I statsbudsjettet for 2021, som vart vedteke, er det samla tiltak til sårbare grupper på nærmere 160 millionar kroner.

I budsjettet for i år er det også lagt til 170 millioner kroner til Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse, og 100 millionar kroner til habilitering og avlasting for personer som har nedsatt funksjonsevne.

Det skal altså ikkje stå på penger eller vilje. Desse investeringane vil ha stor betydning for barn og unge si psykiske helse, og hjelpe menneske som opplever eit ekstra stort trykk under pandemien. Det vil føre til at færre møter ein telefonsvarer når dei treng nokon å snakke med, og at chattetelefonene er opne flere timar i døgnet. Og at flere vil møte ein helsesjukepleiar på skulen.

Vi er glade for at KrF i regjering akkurat no prioriterer barn og unge si psykiske helse. Å unngå å ramme barn under ein pandemi er umogleg, men vi må sikre at psykisk helse og einsemd aldri vert den nye pandemien vår.

Kommentarer til denne saken