«Rett ryggen no sjå lenger fram! Når grenser fell, blir kysten heil. Eit utsyn opnar seg, mot vide hav». Slik starta forfattaren Edvard Hoem sin velskrivne prolog til nyopninga av Hustadvika kommune.

Det har vore vona mi at den nye kommunen skulle få Senterpartileiing slik at det igjen kan verte skule på Vevang. Senterpartiet gjorde eit brakval og vart det største partiet og fekk ordføraren. Det forpliktar til å rette ryggen og sjå lenger fram og i alle høve leve opp til det veljarane ventar på skulesektoren frå ei slik kommuneleiing.

Eit fleirtal av Arbeiderpartiet og Høgre la ned skulen på Vevang det siste året Eide var eigen kommune. Elevane vart flytta til Lyngstad og skal ein halde seg til saksutgreiinga vart dette gjort for at ungdomsskulen på Eide ikkje skulle forvitre i den nye Hustadvika kommune.

Fylkesmannen jubla og gratulerte i november med at det er 30 år sidan FNs barnekonvensjon vart vedteke. Ho oppmodar om å ha ein idedugnad for å legge tilhøva til rette for at barnekonvensjonen vert praktisert og etterlevd i alle kommunar. Ho stiller og spørsmål om alle kommunar veit at FNs barnekonvensjon er overordna norsk lov. Dersom fylkesmannen hadde retta seg etter barnekonvensjonen, hadde han ikkje godkjent eit vedtak der barna sine rettar vart sett til side for eit vedtak i kommunestyret. Vedtaket vart påklaga og fylkesmannen fekk høve til å rette seg etter barnekonvensjonen, men der skuffa fylkesmannen.

Les også: Langt mellom liv og lære hos fylkesmannen

Les også:Skammeleg utkantpolitikk i Eide

Undervisningsdirektoratet har sendt klagesaka tilbake og bede Hustadvika kommune om å gje ein uttale i saka. Det vart samla inn kr. 100 000.- og sendt søknad om å få starte med friskule på Vevang, etter at det vart gjort vedtak om å legge ned skulen. Fleirtalet som la ned skulen ønskte også å få selge skulen, med ein klausul om at det ikkje skulle vere høve for ein ny kjøpar å drive skule i bygninga i framtida. Eide kommune lukkast ikkje med å få selje skulen med denne klausulen.

Meir synsing enn reknestykke

Utfordringa for kommunestyret vert no å gå gjennom korleis ein skal organisere grunnskulen i den nye Hustadvika kommune. Dersom ein ser den ytre del av kommunen i samanheng vil ein finne at bygdene Vevang, Sandblåst og Skotheim mot Farstad har eit elevtal som vil kunne fylle dei ledige bygningane og gje eit skuletilbod som elevane har krav på etter grunnskulelova, der det heiter at alle barn har rett til skule i sitt nærmiljø. Det betyr ein fullgod skule med lærarar og ikkje der nærtilbodet i grunnskulen vert erstatta med busskøyring. Det var meir synsing enn økonomisk reknestykke som vart lagt til grunn for nedleggingsvedtaket. Det at ein har ein barnehage og ein skule med gymsal, som står ferdig til bruk, er eit stort aktivum. Ved å ta i bruk skulen på Vevang kan ein om ein vil, spare ei investering i skulebygg på nærare 100 mill. kroner.

Skulen på Vevang vart teke i bruk midt på-1980 talet. Den har gjennom dugnad frå foreldre og bygdefolket vore måla og godt vedlikeheldt, slik at den kan takast i bruk utan særlege kostnader. Skuleanlegget på Vevang inneheld også barnehage, ballbinge og skaterampe. Barnehagen på Vevang har i lang tid vore nytta frå Fræna og det er slik naturleg at dei same elevane får tilbod om å forsette i grunnskule i sitt nærmiljø dei sju første åra.

Ungdomsskulestad: Det vil då vere rikeleg tid med å legge ein skulestruktur for Hustadvika kommune, med eit naturleg nærområde, for å ta i bruk Vevang skule og nytte kapasiteten utan investeringskostnader, som reduserer tenestetilbodet i kommunen

Oppstart frå hausten. Lærarar finn ein innafor omplassering i eksisterande budsjett. Kostnaden med skuleskyss i 2019 for elevane frå Vevang var ca kr. 400 000,- som etter mi meining kan nyttast betre ved å ta opp igjen drifta av Vevang skule.

Foreldra på Vevang har samla inn kr. 100 000.- og søkt undervisningsdepartementet om løyve til å starte privatskule på Vevang. Direktoratet har bede Hustadvika kommune om ein uttale om kva for planer kommunen har med skulebygget på Vevang i framtida.

Sparer skuleskyss

Ei utfordring for nykommunen! Med politisk velvilje og god økonomistyring er det godt mogeleg å drive skule på Vevang innanfor det vedtekne budsjettet for 2020. Når ein også sparer nærare kr. 400 000,- i skuleskyss, kan desse brukast betre til å drifte skule i lokalmiljøet. Når busselskapet ikkje har kapasitet eller økonomi til å utvide dagens busstilbod vil det være kjærkome å få frigjeve dei bussrutene som går til uønskt skulekøyring til å opprette dei rutene som ein ønskjer i den nye kommunestrukturen. Slik vil nedlegging av dagens skuleruter Vevang – Lyngstad kunne verte ein vinn- vinn situasjon for Hustadvika kommune.

I kommunevalgprogrammet stod det at «Hustadvika Senterparti vil jobbe for ein desentralisert skolestruktur og at Vevang skole skal være tilgjengelig for aktiviteter for barn og unge inntil skolestrukturen for Hustadvika kommune er avklart». Dette kan best gjerast ved at det vert skule på nytt då lokala er bygd for og best eigna til undervisning.

Bygda blør! Vevang har ikkje tid til å vente. Nokon har alt selt husa sine og flytta frå bygda. Husprisane har falle slik at det heller ikkje er lett å finne nye kjøparar av di unge som skal etablere seg ikkje gjer det så lett å finne, i ei bygd som ikkje lenger har sin eigen skule. Vevang var ei av dei bygdelaga i Eide som hadde størst auke i folketalet dei siste 10 åra og hadde 42 elevar i grunnskulen då den vart lagt ned. Skulen er det kulturelle midtpunktet i bygda og utan den vil infrastrukturen verte svekka.

Det vil slik verte eit klokt og framtidsretta vedtak å starte opp igjen skulen på Vevang, som har vore bygdas samlingspunkt i 146 år, før sentraliseringskreftene la ned i skuleåret 2018/2019. Det siste året Eide var eigen kommune. Det er kommunens fremste oppgåve å legge til rette for framtidig busetting vekst, med levande bygder, i alle deler av Hustadvika kommune.

Masterplan utan Atlanterhavsvegen? Dersom ein meiner alvor med å legge ei framtidig masterplan for reiselivet i Hustadvikja kommune, kjem ein ikkje utanom å ta omsyn til Atlanterhavsvegen, som ein av landets største reisemål for turistar. Då er det viktig ikkje berre at ein har ei lokalbefolkning, men og eit aktivt lokalsamfunn med ein infrastruktur, slik at ei lokal busetting kan settast i stand til å møte dei utfordringar som nærmiljøet treng om dei skal styrke tilbodet til turistane på Atlanterhavsvegen i framtida.

Eg sluttar slik Hoem gjorde i sin prolog:«Rett ryggen no, sjå lenger fram i dag, i dag»

Vi har tapt nok tid etter 50 år i Eide kommune og har inga tid å miste om vi skal ha ei framtid på Vevang!