Bli med på nynorskdagen 12. mai! Skriv nynorsk! Utfordre gjerne andre til å gjera det same! Noregs Mållag og Norsk Målungdom står bak denne markeringa i «Frivilligåret 2022».

Torsdag 12. mai er nasjonal markeringsdag for nynorsken. Nynorsken er for alle, og denne dagen prøvar vi å få alle i heile Noreg til å skrive nynorsk! Det er ikkje farleg å skrive nynorsk – og på nynorskdagen er det lov å prøve! Skriv eitt ord, skriv ei setning, skriv ein sms, skriv eit eventyr, skriv eit brev, skriv eit avisinnlegg, skriv eit dikt … Det er ikkje verre enn det. Det er til og med heilt gratis.

Når du først er i gang, kan du godt lesa nynorsk også. Les på nett (t.d. Framtida.no, Dagogtid.no), les i aviser og blad, les i bok. Om du les høgt for nokon, unge eller eldre, kan du velja ei nynorskbok denne gongen.

Skriv du bokmål til vanleg? Prøv nynorskroboten til Nynodata:

Les meir om nynorskdagen her:

Det er lov å skrive og lesa nynorsk andre dagar også. Det kan til og med bli ein vane.

Les også

Nynorskdagen: Skriv minst eitt ord på nynorsk

Les også

Be om å få skattemeldinga på nynorsk