Omgrepet har den seinare tida endra seg til det verre og i negativ retning. I utganspunktet er bonus ei ekstra utbetaling av overskot til dømes til arbeidstakarar, aksjeeigarar eller forsikringstakarar, eller for kjøp av daglegvarer i butikkar og dei ymse matvarekjedene.

I arbeidslivet kjem bonus oftast som eit tillegg i løn, som ofte ikkje er knytt til bestemte arbeidsoppgåver og der ofte utbetalingane kjem ujamt med omsyn til tida den er opptent i eller gjeld for. I arbeidslivet er bonus ofte eit resultat av eit godt arbeidsår der resultatet er godt og der arbeidsgjevar deler ein del av overskotet med arbeidarane, som har skapt overskotet og lagt grunnlaget for bonusutbetalinga.

Forsikringsbransjen nyttar bonus også som ei premiering for skadefri køyring over fleire år, som gjev rimelegare forsikringspremie.

Mange forretningsdrivande nyttar bonusar i mange variantar, alle for å selje meir og trekke til seg fleire kundar.

Les også

Når skamvettet manglar

Leiarbonus

Vi har dei siste åra vore vitne til fleire uheldige variantar der bedriftsleiarar og andre som har teke ut bonus etter bonusavtaler der leiarane same kor udugeleg dei har vore, får med seg millionar i etterløn.

Norsk Hydro er eit døme på at leiaren då han slutta hadde avtale om bonus, etterløn og pensjonsordning som kosta firmaet altfor mykje. Leiarløna var før meir enn god nok, og det var heilt unødvendig med ei slik bonusavtale. Når kostnadsauken no er slik at bøndene må betale 30 prosent meir for handelsgjødsel, er leiarbonusane ei del av grunnen for prisauken på gjødsel. Når ein veit at aksjonærane fekk dobbelt utbytte siste året, er det også grunn til å stille spørsmål ved om prisauken var nødvendig. Prisauken skal vel også stå i høve til prisutviklinga ein har i samfunnet.

Helsesektoren

Helsesektoren er eit anna område der bonusar og leiarløner nærast har eksplodert. Det er akseptert at leiaren skal vere den best betalte i ei bedrift. Men i helsesektoren ser det ut til å ha gått inflasjon også i talet på leiarar, som alle har meir enn 1 million i årsløn.

For nokre år sidan hadde vi ein helseleiar som gjekk på dagen, og nytte godt av etterløn, som var heilt unødvendig då ho gjekk til ny leiarstilling med toppløn. Eg meiner at ingen skal ha høgare løn enn statsministeren for å sette ei høveleg grense for kor ei toppløn skal ende. Då får dei heller gå til utlandet, som ikkje kan leve av eit slikt lønsnivå.

I bankvesenet der eg sjølv også har ei fortid, finn ein også usmakelege døme. I Den norske Bank fekk leiaren løn og bonus på til saman meir enn 10 millionar siste året. Slikt er unødvendig og grådig dårleg gjort, om ein tenker på dei som skal betale desse ordningane som slit med renta og har dårleg råd.

Det verste bonusdømet fekk vi frå det konkurstruga flyselskapet Norwegian, som søkte Stortinget om økonomisk hjelp for å unngå konkurs den eine dagen og den neste ga ein leiar fleire millionar i bonus. Slikt er økonomisk uetisk og kan ikkje passere sjølv i eit valgår!

Vi må reagere

Dersom vi let dette passere, vil denne uønska og uheldige utviklinga berre halde fram. Tida er komen for at det igjen vert innført og teke i bruk eit sjefsregulativ som strammer inn på dagens utglidingar.

Det er misforstått bonusfilosofi at det er leiaren som skal ha all bonusen, som bedrifta har råd til å gje av overskotet. Leiaren har si løn som er høgare enn dei andre i bedrifta, og har alt fått betalt for å drive med overskot. Det vil bere skape dårleg arbeidsmiljø i bedrifta om berre leiaren skal få all bonusen. Bonusen skal delast likt på alle i bedrifta, og leiaren skal ikkje ha meir enn dei andre som har vore med på å skape resultatet. Det er på den måten ein skaper eit godt arbeidsmiljø.

Skammekrok

I mi skuletid var skammekrok ei effektiv avstraffing som svei. Eg etterlyser difor at skamvettet vil ta over og gjere slutt på den pengegriske, uheldige utviklinga vi har hatt. Den kjem frå toppen av næringslivet og har med god hjelp frå oljenæringa nasjonalt og globalt, vorte ein del av vår utheldige økonomiske utvikling, som det er vårt ansvar å få ein slutt på!