Det var rekorddeltaking på Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlaget av utsendingar frå Møre og Romsdal. Heile 15 utsendingar fra 13 lokallag, det er betre deltaking enn på mange år . Berre Oppland Bonde- og Småbrukarlag kan skilte med større oppmøte. Vi gler oss over at Inge Aukan frå Aure BS og Runa Tunheim, leiar i Halsa BS, fekk tillit frå landsmøtet. Inge som styremedlem og Runa som 2. vara. Runa sit og i NBS sitt Ungdomsutval og Ragnhild Godal i Kvinneutvalet.

Det har vore god medlemstilstrøyming i vekene etter landsmøtet både her i fylket og elles i landet. Eit nytt , spenstig styre i Norsk Bonde- og Småbrukarlag med Tor Jacob Solberg i spissen varslar offensiv kamp for rettferd for bønder og småbrukarar, og for norsk matsikkerhet og beredskap i heile landet.


Møre og Romsdal Bonde og Småbrukarlag: Stein Brubæk – fylkesleiar, Eli Kristin Aalbu Sæther - fylkessekretær