Gå til sidens hovedinnhold

«Blir lagt fram til behandling i kommunestyret»

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I Raudsand-saka er det slått fast at Molde kommune ikkje vil ha nasjonalt deponi for farleg uorganisk avfall. Det er bra og ein seier for dei som kjempar for at avfall skal handterast så nært som muleg der det oppstår og ikkje fraktast lang veg.

Så har Molde kommune gitt tillatelse til ein slags vidare drift på Raudsand. Eg skal spørre ordføraren nærare om dette i kommunestyret. Både i høve forureining og metallforekomstar.

Dette kunne eg fått gjort i kommande kommunestyremøte, men fleirtalet i teknisk utval og kommunedirektøren har funne ut at kommunestyret ikkje skal handsame Raudsand sakane etter det kommunestyret vedtok: Sak 37/20 «Molde kommunestyre ber om at alle saker inkl. høringer i forbindelse med etablering av virksomhet i henhold til godkjent reguleringsplan Bergmesteren Raudsand, blir lagt fram til behandling i kommunestyret»

Kommunedirektøren tek seg til rette utan å vise til kommunestyret og legg fram ei sak om Raudsand til slutthandsaming i teknisk og får fleirtalet der med seg.

Når saka kjem opp igjen der har kommunedirektøren skrevet fleire sider viss vass og ikkje forheldt seg til vedtak i øvste organ i Molde kommune. Og får igjen fleirtal i teknisk så no skal Statsforvaltaren komme med ei avgjerd og saka kjem til kommunestyret.

Vil ikkje ha handsaming

I Romsdals Budstikke sitt referat av vedtaket i kommunestyret var siste setning….«blir lagt fram til behandling i kommunestyret» tatt bort. Kommunedirektøren, fleirtalet i teknisk og Budstikka vil tydelegvis ikkje at kommunestyret skal handsame Raudsand-sakane.

Og for all del; det kan være fleire gode grunnar til det. Eg trur kommunestyret med sine tidlegare vedtak ville seie at vi vil følgje med i ei sak som er betent.

Les også

Er ikke arbeidsplassene giftige nok, Torgeir Dahl?

Les også

Var det ikke full seier på Raudsand likevel?

Omsyn til at næringslivet får sette i gang med si verksemd utan å bli hefta kan være ein god grunn. Eg er ikkje einig i det. Omsynet til miljøet er for meg mykje viktigare.

Miljøgiftene i fjorden utafor Raudsand bly, kobber, kadmium, nikkel, krom og sink har alle i 2019 auka i høve 2013 undersøkinga.

Vil ikkje ha reguleringsplan

Alt dette kan skje fordi ein av Norges største kommunar, Molde, ikkje vil lage sin eigen reguleringsplan i eit svært omstridt område. Eg har ikkje hørt eit pip frå kommunedirektøren kva han synast om det. Men det ville jo være å utfordre posisjonen.

Kan det være fordi Plan og bygningsloven er nokke med det mest demokratiske vi har i landet? Kan ein som bøygen gå rundt han og ikkje invitere alle i Molde til å meine nokke om korsen vi skal ha det i kommunen vår, tjener det nokken og ikkje andre. Og no er det Molde kommunestyre som til slutt skal få meine nokke om sitt eiga vedtak …..«blir lagt fram til behandling i kommunestyret». Ikkje sikkert dei heller vil kjennes ved sitt vedtak.

Om så er det og greit, men då er det ikkje teknisk utval og kommunedirektøren som har bestemt at kommunestyret ikkje skal ha desse sakane. Men kommunestyret sjølv.

Kommentarer til denne saken