Splittande saker i Møre og Romsdal har det vore mange av i mange år. Dei to tyngste i dag er sjukehus- og aksesaka. I begge desse sakene har nordmøringen blitt overkøyrd av i særleg grad romsdalingen, som har fått hjelp av «høgre makter» til å mæle si eiga kake. Før denne maktmisbruken stoggar, ser det dårleg ut for nordmøringen i dette elles så flotte fylket vårt.

Vi mister sjukehuset vårt til eit nytt feilplassert i Molde. Spørsmålet er no kva vi får behalde i Kristiansund. Aksesaka var vi i ferd med å tape. No er spørsmålet kva middel statsministeren og samferdselsministeren er viljuge til å ta i bruk for å trasse det alvorlege maktmisbruket som Statens vegvesen Midt i Molde har stått for, og som er til stor ulempe for nordmøringen.

Krigen er ikkje over

I desse valtider er det på sin plass å minne om den viktige rolla dei politiske partia har for å bidra til at vi ikkje går på grunn så ofte som vi har gjort. Her har partia svikta, og bidrar dermed til ei oppsplitting av fylket, både kjenslemessig, og no kanskje også organisatorisk.

Så kva gjer vi? Blir vi i fylket? Har vi nok å gå på, og skal vi framleis vere optimistar? Skal vi stole på at det ordnar seg? Vil vi bli i stand til å skape tillit til kvarandre, slik at vi kan stole på at det som blir sagt er det som gjeld, og at vi slepp å leite etter skjulte agendaer? APB? Altså alt på bordet. Ingenting under. Aldri meir Møreaksen-juks! Den krigen er ikkje over. Sjukehuskrigen ser ut til å vere over. Men funksjonsfordelingane er ikkje over! Vi må stå i det ei stund til, uavhengig av kva retning vi orienterer oss organisatorisk.

Verd å kjempe for?

Dette er ikkje ein privat krig. Så vakn opp, politikarar! Sjå kva som er i ferd med å skje! Stå opp, og protester mot råttenskapen i Statens vegvesen! Elles har de ingenting i politikken å gjere. For då er de ikkje våre tillitsvalde. Og då kan de berre pakke saman. For godt.

Så kva blir det til? Er Møre og Romsdal verd å kjempe for? Om vi går, ryk truleg heile fylket! Vi har eit viktig val og ei viktig tid føre oss. Men vi finn oss ikkje i å bli nedkjempa med løgn og juks lenger!