Biltrafikkens historie inntek museet i Bøfjorden søndag. Veteranbilentusiast Morten Betten og fleire vil gi publikum ei nostalgisk stund.

Saman med Arnt Kjetil Bøe og Jon Storløkken har Morten eit rikt biletmateriale av flotte kjørety frå dei siste 50-60 åra. Nokre av bilane er deira eigne. Og glimta frå veteranbiltreff landet rundt vil gjera ein og kvar blank i augo!

Bøfjorden Historielag innleiier med glimt frå 100 års trafikkhistorie – da også litt om bussar, lastebilar og om traktorens inntog i lokalt landbruk på 1920-talet.

Som alltid er ordet fritt. Mange har nok minne og historier om gamle dagars trafikk. For jamen har dei siste generasjonane opplevd ein eventyrleg revolusjon innan samferdsel!

Kjøkenet ordnar med kaffe og tilbehør.