Gå til sidens hovedinnhold

Desse var på velgjerdskonsert tredje juledag

28. desember 2019, kl. 11:01

Lokale artistar inviterte tredje juledag til gratis konsert på Eco Camp Norway, som held til i lokalane til gamle Innsmøla skole. Inntektene frå frivillige gåver gjekk til Barn kreft- og blodsykdommer ved St. Olavs hospital i Trondheim. Tradisjonelle og nye julesongar sto på repertoaret, og ein fullsett sal, kanskje i overkant av 60 publikummarar, gledde seg over stemningsfull musikk.