Gå til sidens hovedinnhold

Barna ønsker kvit påske

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Med kvit påske tenkjer nok dei fleste på snø, sol og godt skiføre, men kvit påske er óg noko anna. Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar. I IOGT håper vi at mange barn og unge i år kan få oppleve ei kvit og god påske saman med vaksne.

Vinmonopolet melder om auka alkoholsal under korona-tida. 17. desember i fjor kunne vi lese i E24.no at «Vinmonopolet styrer mot et historisk høyt salg i coronaåret 2020. Monopolledelsen tror salget ender på 115 millioner liter. Det er opp 40 prosent fra i fjor.»

I forlenginga av dette så veit vi ikkje heilt korleis eit auka sal av alkohol påverkar kvardagane for barn og unge i Norge i 2021. «Før koronakrisen slo inn, og før barnehager og skoler ble stengt, anslo forskere at 135.000 norske barn er rammet av foreldre som misbruker rus eller har en alvorlig psykisk lidelse.» (Stavanger Aftenblad 6.4.2020)

IOGT har fleire år hatt «Kvit jul-aksjonar», og mange har då skrive kontrakt om å la vere å drikke alkohol når dei er saman med barn juledagane. Det har gjeve større tryggleik og trivsel for mange barn, og større velvere for dei som feirar høgtid utan alkohol. I påskeveka er det fleire fridagar, og for mange kan det då verte eit større alkoholkonsum enn vanleg. Mange barn gruer seg til fridagane på grunn av drikkinga til dei vaksne. Barn ønsker vaksne som er til stades, og som ter seg normalt og er hyggjelege.

Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll, før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glass er nok til at det skjer små endringar i framferda hos den som drikk. Barn merkar endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Barn er ikkje opptekne av mengda som vert drukke, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med barn, tenkjer nok ikkje på at barna kan verte utrygge.

Alkohol er gift for kroppen og gjev fleire negative effektar, som større risiko for mellom anna kreft, leversjukdomar, hjerneskade og høgt blodtrykk. Det kan difor vere god grunn til å ha ei kvit påske – påskehøgtid utan alkohol. Det vil gje ei tryggare og trivelegare påske for mange barn og unge og ei mindre farefull påske både når det gjeld sportsaktivitetar og trafikk. Alkoholfrie vaksne gjev barna tryggleik og velvere.

Vi i IOGT ynskjer alle ei hyggeleg og alkoholfri påske.

Kommentarer til denne saken