På Møre og Romsdal 110-Sentralen si twitterside blir det meldt om ein sjark som tek inn vatn i Smedvågen på Averøya.
- Averøy Brannvesen er til stades og prøvar å få ut vatn frå ein sjark som ligg til kai der, seier operatør ved Møre og Romsdal 110-sentral, Tor Ivar Sjåstad.
Sjarken skal ha tatt inn mykje vatn innan brannvesenet kom, og det er ikkje sikkert om dei kan hindre den i å gå ned.
- Båten låg djupt når brannvesenet kom og vi veit enda ikkje korleis det vil gå, men prøvar fortsatt å lense den, seier Sjåstad.
Ingen personar skal vere i fare.
TIPS OSS
TLF: 06501 Epost: redaksjonen SMS/MMS: TKMMS til 2005