Rita Ormbostad (27) - Høgre - Aure

Artikkelen er over 11 år gammel

Skulle aldri inn i politikken

DEL

– Korleis kom du inn i lokalpolitikken?

– Det skjedde på den måten at eg starta mitt eige parti. Det var Omegaaksjonen, som eg fekk i stand med god hjelp frå mange andre ungdommar. Vi ville vere med og bestemme over lokalsamfunnet vårt, for vi følte ikkje at ungdom vart tekne på alvor i Aure. Lokalpolitikken handla nesten alltid om alt mulig anna enn ungdom. Eg hadde ikkje politisk erfaring, men var kanskje den mest storkjefta og høgrøysta av oss. Så eg kom inn som ein av to representantar i kommunestyret for lista til Omegaaksjonen i 2003.

– Kva er den viktigaste saka i kommunen din, og kvifor?

–Det er fleire saker. Å hindre innkreving av eigedomsskatt i kommunen, er ei viktig sak. Å få ei god pleie- og omsorgsteneste og å utvikle næringslivet vidare, er andre. Alle er viktige for å hindre fråflytting. Men ein får i alle fall ikkje ungdom til å flytte hit med å lokke med at ein skal kreve eigedomsskatt av dei. I pleie- og omsorgstenesta må vi få oversikt over kva som skal til så vi greier å gi eit godt tilbod til brukarane utan å ende opp med høgt sjukefråver for dei tilsette. Kommunen er også arbeidsgjevar, det må vi ikkje gløyme.

– Kvifor stiller du for akkurat Høgre?

– Etter fire år i politikken i Aure ser eg at det er Høgre eg oftast er enig med og samarbeider med. Dei har også støtta meg, og hjelpt meg utan å stille krav om å få noko tilbake. Dei tenker likt med meg i mange samanhengar. Lokalt er det Høgre som passar meg best.

– Har du nokon gong drøymt om ein plass på Stortinget?

– Nei, det har eg aldri! Eg har da heller ingen rikspolitiske ambisjonar. Ikkje no i alle fall.

– Kven bør bli ordførar i kommunen din etter valet, og kvifor?

– Det hadde vore moro om Høgre fekk ordføraren. Men vi samarbeider gjerne med andre, og det blir den gruppa vi samarbeider med etter valet som må komme fram til ein felles ordførarkandidat. Kven som kjem til å samarbeide, og kven som kandidat, veit vi ikkje før etter valet. Men det må bli nokon frå den gruppa Høgre samarbeider med. Ordførarvervet er viktig fordi det gjer det mulig for oss å styre, og gir oss meir kraft og innflytelse til å gjennomføre dei sakene vi meiner er viktige.

– Kva gler deg mest i Aure, og kvifor?

– Det må vere det folket som bur her, egentlig. Det er god plass for mange ulike folk, og kvar har si meining om ting. Det skaper som regel mange gode diskusjonar. Eg synest også at folk her er lette å bli kjent med.

– Kva ergrar deg mest i Aure, og kvifor?

– At vi ikkje greier å stoppe fråflyttinga og nedgangen i folketalet. Vi er ikkje flinke nok til å sjå mulighetene som vi har, godt nok. Eg meiner vi har så mykje bra vi kunne bygge på, og med den viljen til dugnad som har vore i Aure, burde alt vere mulig.

– Kva er den beste valgkampsaka di?

– Det må bli å få betre kvalitet i dei kommunale tenestene. Vi er i ein prosess med å slå saman to gamle kommunar, der vi arbeider for mål vi enda har eit strykke att for å nå. Det er bra at folk er utolmodige, men denne jobben er ikkje gjort på ein dag. Ein kommune har så mange daglege og lovpålagte oppgåver som prioriterast og gjerast heile tida. Målet er at alle i kommunen skal ha det same tilbodet uansett kvar dei bur, og at tilboda er likt fordelte. Mange føler nok at det ikkje er slik i dag. Vi må få på plass system og rutiner som gjer at folk kjenner at dei har nytte av og tilgang til dei kommunale tenestene. Men enno er ikkje harmoniseringa mellom dei gamle kommunane og utviklinga av tilbodet ferdig.

– Kven er det politiske forbildet ditt, og kvifor?

– Eg har ikkje noko politisk forbilde, og eg har ikkje tenkt å skaffe meg eit heller. Det var aldri meininga mi å komme inn i politikken, det var noko eg skulle halde meg langt unna. Dei som endar opp som forbilde, tenker vel på ein annan måte om dette, kanskje?

– Gi eit valgløfte du kan garantere at du ikkje bryt i løpet av valgperioden?

– Da får eg ta eit sikkerstikk! Det blir å love at eg skal arbeide hardt for å fjerne eigedomsskatten i Aure. Dersom vi ikkje greier å hindre at den blir innkrevd i frå årsskiftet, vil det å få avskaffa skatten bli ei sak ved kvar budsjettbehandling framover. Det kan eg love. Eigedomsskatt er til hinder for tilflytting, og er uklokt med tanke på framtida og busettinga i Aure. Eg er så ung at eg vil tenke framover.

ANDERS S TODAL

Artikkeltags