Gå til sidens hovedinnhold

Attende til normalen – eller til ein ny normal?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Mange ynskjer seg attende til normalen, etter at viruset har snudd opp ned på kvardagen vår. Vi lengtar etter å vere i lag, etter skule og studie, etter trygge jobbar, reiser og kulturarrangement. Og ikkje minst – etter å gje kvarandre ein god klem!

Samstundes kan det vere grunn til å spørje om det er den gamle normalen vi skal attende til? Hendingane siste året har vist oss kor sårbare vi er. Vi manglar beredskap både for mat, medisinar, smittevernutstyr og arbeidkraft.

I tillegg har varsellampane lenge blinka raudt for klimaendringar og tap av natur og artsmangfald, for overforbruk av naturressursar og for aukande ulikskap.

Tenk om vi kunne bruke den akutte krisa til å gjere noko med dei mindre synlege, men minst like alvorlege, krisene? For dei heng i hop. Vi spelar russisk rulett med naturen, med klimaet og med helsa vår, på grunn av eit økonomisk system med innebygd trong til vekst.

Samstundes har krisa auka ulikskapen. Både følgjene av pandemien og støtteordningane rammar skeivt. Nokre vert rikare, andre slit meir og meir med å klare dei daglege utgiftene. Stadig fleire lever i uvisse om korvidt ein har ein jobb å gå til etter pandemien.

Eit samfunn med store forskjellar er eit dårleg samfunn for alle. Difor treng vi ein politikk som jamnar ut forskjellar, samstundes som vi tek natur-, klima- og ressurskrisa på alvor. Denne politikken er det SV går til val på. Ved hjelp av ein Grøn ny deal, eller folkets grøne skifte, skal vi vise at ei krise også kan vere starten på noko nytt.

I staden for å handtere pandemien på ein måte som aukar ulikskap og øydelegg natur og klima, skal vi mobilisere for fellesskapsløysingar, for nasjonal beredskap, for å skape dei nye, grøne arbeidsplassane og for ein leveleg planet.

Krisa har vist at staten har økonomiske musklar. I staden for å pumpe meir pengar inn i ein oljesektor på hell, vil vi pumpe dei inn i nye grøne næringar. I staden for å sende folk ut i arbeidsløyse, vil vi tilpasse yrkesutdanningane til nye framtidsretta jobbar. I staden for aukande klasseforskjellar, vil vi bruke skattesystemet til å redusere dei.

På den måten skal vi kome ut på den andre sida av pandemien, ikkje til den gamle normalen, men til ein ny grøn rettferdig normal! Dette vil Birgit Oline Kjerstad bruke tida si til dei neste fire åra, dersom veljarane i Møre og Romsdal gjev henne ein plass på Stortinget ved å stemme SV.


Ingrid Opedal, Miljøpolitisk kontakt i Møre og Romsdal SV

Kommentarer til denne saken