Årets jordbruksoppgjer hamnar i Stortinget, etter at partane fekk eit tilbod frå staten, som var mindre enn halvparten av kravet. Tilbodet har frå den eine parten fått karakteristikken eit «hån mot norsk matproduksjon». Jordbruksoppgjeret har ikkje nådd si målsetting om eit økonomisk utkome for den aller viktigaste næringsgreina, som er å produsere den maten vi lever av ikkje berre i dag, men og for framtida. Difor er det viktig å berge landbruket.

Noko er hakkande gale når den økonomsike modellen som ligg til grunn for jordbruksoppgjeret har sentralisert landbruket til snart ei altfor stor eining i kvar bygd, er det nok svar for å trekke konklusjon, at noko er gale, hakkande gale. Landbruksmiljøet er slik øydelagt også når det gjeld i bygdemiljøsamanheng.

Grunnen er at ein gard er ei bedrift med naturgrunnlag og teknisk utstyr. I tillegg kjem arbeidskrafta med å drive denne bedrifta. Jordbruksavtalen skil ikkje mellom desse greinene og difor er det blitt opprør når ein får opplyst at lønnsevna i jordbruket er på rundt 135.- kroner timen i snitt når driftskostnadane er dekt. I høve til arbeidsinntekta i andre yrke er vi i landbruket nede på det ein i andre samanhengar kallar sosial dumping og som vi alle tek avstand frå.

Seigpining

Stortinget har bestemt at inntekta i landbruket skal målast som vederlag for arbeid og eigenkapital. Kostnadsauken har auka meir enn på inntektssida og det er grunnen til at landbruket med denne økonomimodellen vil verte sjølvutslettande. Ikkje i nokon annan industri må arbeidarane betale av løna si for å halde maskinpark og driftsmiddel, slik landbruket gjer etter Jordbruksavtalen. Det er her gapet vert større for kvart år og no er timeløna av den grunn nede i 135.- kroner.

Seigpining er eit stygt og simpelt ord, men er det som høver best om ein ser det i samband med talet på nedlagte gardsbruk sidan vi fekk ordninga med eit Jordbruksoppgjer, der alle har gjort sitt beste for å oppretthalde norsk landbruk. Nokon har misbrukt makta si og andre vore for feige til å bruke makt når ein har hatt det.

Von i hangande snøre

Vert diverre ikkje noko utfordring for Kristeleg folkeparti, det har både Bollestad og Reiten sett ein politisk stoppar for. Både landbrukspolitisk talsmann og nestleiar i Arbeiderpartiet har kome med utspel i pressa som tyder på at dei forstår problemstillinga og at partiet no vil gjere noko for å berge landbruket, slik har det diverre ikkje vore sidan Øksnes i si tid tok affære etter Hitra-aksjonen.

Ein brei folkeaksjon

Det er eit stort fleirtal som ønskjer rein mat produsert i Norge. I ei tid der maten utgjer ein stadig mindre del av det ein tener er det ikkje utruleg at folk er villig til å betale ein større del av det som det kostar å produsere mat her i landet. Ikkje minst etter koronapandemien er det viktig å auke sjølvbergingsgraden som no er under det forsvarlege. Noko som mellom anna skuldast nedbygging av matjord og svekka importvern.

Resepten er: Nokon i Stortinget må sette fram forslag om at kravet frå landbruket på 2114 mill. vert innfridd. Samstundes må det nedsettast ein framtidskommisjon til å greie ut ein ny Jordbruksmodell der ein gjer ein ny og omgripande endring der det vert økonomisk attraktivt å produsere mat, men og tek omsyn til at fleire faktorar i næringa, som miljø , berekraft og auka sjølvberging vert lagt til grunn for framtidas jordbruksoppgjer!

Les også

Derfor brøt vi jordbruksforhandlingene