Gå til sidens hovedinnhold

Ap vil reversere høgrepartias domstolsreform

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Etter ei tid med rot og vingling så har Frp no tatt stilling til Høgre sin strukturreform i domstolane. Frp har gjort kuvending frå i vår, og har no forlete enigheten AP, Frp, SP og SV hadde i vår om å seie nei til Høgreregjeringa si såkalla domstolsreform. Større rettskretsar blir innført og over 40 av dagens sjølvstendige tingrettar og jordskifterettar leggast formelt ned og blir gjort om til filialar under ein stor ny tingrett utan stadleg leiing.

Høgreregjeringa og Frp påstår no at dei sikrar bemanning ved dei nye filialane, formelt kalt rettstad, og at dei sikrar at regjeringa ikkje kan legge ned rettsstader. Men dette stemmer dessverre ikkje heilt. Det Frp «har fått til» er at regjeringa skal avgjere framtidige endringar, og at dette skal «føreleggas Stortinget». Me har erfaring i kva det betyr, det kan og vil nok med dagens regjering bety at Stortinget blir orientert om endringar regjeringa har bestemt i ein merknad i ein budsjettproposisjon. Så skal eg vere heilt ærleg på at eg håpar haustens budsjettproposisjon frå Høgreregjeringa var Erna Solbergs siste.

Sikrar ikkje bemanninga

Frp påstår no at domstolsreformen sikrar at rettstadene skal vere bemanna. Det blir presentert som om det ikkje blir nokon endring. Men framlegga sikrar ikkje bemanninga. Det dei har eit framlegg om er at domstolar med færre en fire faste dommarårsverk eller mindre skal dagens nivå på årsverk knytt til kjerneviksomheten opprettholdes. Kva dette betyr er uvisst. Dersom det skulle bety at dagens bemanning består, så ville det stått det. Det står det ikkje.

Les også

Flertall for domstolsreformen: – Trist måte å drive politikk på

Me har dessverre også dårleg erfaring med Høgresida sine løfter når det gjeld arbeidsplassar lokalt i justissektoren. Til tross for at Stortinget til dømes har vedtatt at alle gjenverande lensmannskontor etter nærpolitireformen skulle styrkast, så har det motsatte skjedd. Kvifor skulle det vere annleis for domstolane våre?

Endre utan å flytte

Arbeiderpartiet meiner ikkje at alt er perfekt i dag eller at det ikkje trengs endring. Men me meiner det gjeng an å endre utan å flytte, utan å lage nye strukturar. Me meiner det er behov for å gjere endringar og tydeleggjere domstolsloven slik at den blir meir fleksibel, slik at domstolar kan samarbeide betre, dele saker -og dommarar i større grad enn i dag. Teknologi og digitale verktøy må brukast i større grad og det er heilt nødvendig å få på plass digitale domstolar, også med lyd- og bildeopptak.

Arbeiderpartiet meiner at desentraliserte tingrettar og jordskifterettar styrker folk sin rettstryggleik. Det gjev ringverknadar lokalt, det påverkar til dømes etablering av advokatkontor. Vi har også foreslått å etablere nærtenestesenter over heile landet, som vil kunne forsterke fleire lokale domstolar og gje dei fleire oppgåver. I lokale nærtjenestesenter bør ein kunne få juridisk veiledning og rettshjelp, ordnet med flere sivile oppgaver, ordne med pass og førerkort. Vi vil arbeide videre med å utvikle slike senter og er heller på leit etter kva som kan desentraliseres enn motsatt. Der vi ikkje har domstolar i dag meiner vi slike senter kan leggast til lensmannskontoret eller kommunehuset. Staten må komme nærare folk, ikkje trekke seg vekk.

Nærleiksprinsipp

Arbeiderpartiet går til val i 2021 på å innføre eit nærleikssprinsipp for statleg styring. I forslaget til partiprogram seier me at det er nødvendig å gjennomføre distriktspolitiske konsekvensanalyser i statlege reformer, at statlege verksemder skal organiserast slik at kompetansen ligg så nær innbyggarane som mogleg. Ingen vedtak om nedlegging av statlege tenestestader skal gjennomførast i neste stortingsperiode.

Veljarane skal vite kva dei får med Arbeiderpartiet. Ein forsterka politikk for både by og land er eit klart løfte. Dersom AP kjem i regjering til hausten vil me reversere strukturendringane Høgrepartia og FrP no gjennomfører i domstolane.

Kommentarer til denne saken