Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Per Vidar Kjølmoen har bestilt seg ny T-skjorte med trykket «BROTNE FERJELOVNADAR».
Alle har fått med seg Ap og Kjølmoen sine ferjelovnadar der han høgt og tydeleg har lova 50 prosent kutt i ferjeprisane. Kjølmoen har gløymt at det er ein grunn til at frontvinduet er større på ein bil enn bakvinduet, det er at ein faktisk må ha blikket retta framover.
No er det Ap og Sp som styrer, og det dei no faktisk presterar, er eit minimalt kutt i ferjeprisane på om lag 5% reelt.
Kjølmoen viser fram ei påstått liste over at Høgre og FrP har «auka» ferjeprisane årleg med ca 3,5 prosent. Ja, dette burde Kjølmoen vite er normal løns- og prisstigning, som også Ap og Kjølmoen sjølvsagt også har auka på dei 20 av 24 ferjestrekningane her i fylket som dei har ansvaret for.
Gløymd er det for Kjølmoen at han og Ap auka ferjeprisane i Møre og Romsdal i 2019 og 2020 med to takstsoner + 32 prosent, noko han og Ap vart tvinga av ferjeopprøret til å reversere dei to takstsonane sist år, medan auken på 32 prosent står fast. Frp stemte som einaste partiet i fylkestinget, imot Kjølmoen og Ap på desse greinalause ferjeprisaukane til raudingane. Seinare veit alle at Frp i lag med Solbergregjeringa kutta ferjeprisane med 25 prosent frå 1/7-2021.
Så min godeste Per Vidar Kjølmoen. Sluttar du ikkje å kun fokusere på bakvinduet, vil du snart krasje grundig.
Ap og Sp imponerar ikkje akkurat med sine 6 millardar i skatteaukar og auka drivstoffprisar som totalt sett vil ramme industri- og næringsfylket Møre og Romsdal negativt.
Eit budsjett frå den nye Ap/Sp-regjeringa til terningkast 1.
Sve bør beklage Frps prisøkninger på ferge
Sve langer ut mot Kjølmoen: – Dette må være tidenes mageplask