Når vi manglar straum, må vi i det minste sikre småkraftverka og fornye vasskraftanlegga våre.

Norsk energipolitikk må legge til rette for nok fornybar og rimeleg kraft. Småkraft, modernisering av eksisterande vasskraftanlegg og etablering av nye anlegg for fornybar energi må bidra til å erstatte fossil energi. Det gir grunnlag for næringsutvikling og verdiskaping i heile landet.

Småkraftforeninga viser at for 179 grunneigareigde småkraftverk i NO3 (Midt-Norge) og NO4 (Nord-Norge) er situasjonen svært alvorleg. Snittprisen her kan bli like låg som den var i 2020, og småkraftbransjen kan bli heilt utradert. I 2020 hadde 80% av dei grunneigareigde selskapa underskot på drifta. Med liknande resultat i år vil eitt av fire grunneigareigde småkraftselskap i NO3 og NO4 ha negativ eigenkapital.

Høg nettleie

Medan straumprisane i sør er ekstremt høge, har kraftverk i midt og nord til tider måtte stoppa produksjonen på grunn av låge prisar. Nettleiga er så høg at kraftverka må betale for å produsere og levere straum i ei krisetid. Situasjonen for dei over 300 grunneigareigde verka nord for flaskehalsane i straumnettet er alvorleg. Fleire små kraftverk må betale meir for å levere straumen enn dei får betalt for den. Ei anna sak er at hushald knytt til lokaleigde straumnett ikkje får straumstøtte som andre hushald og næringsaktørar, og dette rammar småkraftverka.

Halvparten av dei lokale småkraftverka har manglande evne til å handtere gjeld, og kan vere konkurstrua. Mange kan risikere å måtte selje det lokale kraftverket mot sin vilje på grunn av dei låge kraftprisane nord for flaskehalsane i straumnettet.

Meir fornybar kraft

Eit av verkemidla for å få ned prisane i sør, er å byggja ut meir fornybar kraft. Småkraftforeninga har nyleg laga ei analyse som viser eit restpotensial på om lag 17 TWh med småkraft. Dette kan lett realiserast. Småkraftutbygging gir enorme ringverknader rundt om i distrikta. Det blir lagt igjen store verdiar under utbygging ved at lokale entreprenørar blir nytta. Auka straumproduksjon frå småkraftverk vil ikkje løyse utfordringa med straumforsyning og høge straumprisar, men vil vere eit av fleire viktige element.

Fortgang på konsesjonsbehandlinga av småkraftverk må følgjast opp straks, og det må følgje ytterlegare konkrete løyvingar i statsbudsjettet til dette, samt forenklingar i søknadsbehandlinga. Det må leggast til rette for meir småskala produksjon av elektrisk kraft, som solcelleanlegg, små vindmøller i område som alt er nedbygde og vasskraft på gardsbruk.

Rammevilkåra må betrast

I Norge er ca. 97% av kraftproduksjonen basert på fornybare ressursar. Nesten 90% av dette er vasskraft. Rammevilkåra for oppgradering av eksisterande vasskraftverk må betrast. Mange av vasskraftverka i Norge er bygde for over 50 år sidan, og har stort potensiale for å produsere meir kraft ved ei opprusting og auke av verkningsgraden. Totalt potensiale på opprusting og utviding av eksisterande kraftverk er rekna til 7,6 TWh (NVE Fakta nr. 6/2020), der ein god del kan realiserast innan 2040. Dette potensialet svarar til 10 nye Alta-kraftverk eller over halve Oslo sitt straumforbruk! Grunnrenteskatten har eit innslagspunkt på 10 MWh. Det gjer at somme kraftverk vel å ikkje produsere meir, sjølv om det både er teknologi og nok vatn. Dette er ineffektivt og må løysast slik at skattetilpassing ikkje hindrar nødvendig straumproduksjon.

Stort potensiale

Både næringsaktørar, privathushald og bygningsdrift har stort potensiale for energieffektivisering. Staten må stimulere med målretta offentlege tilskotsordningar, og ta større eigarskap og ansvar for framføring og tilrettelegging av straumnettet. Dette, kombinert med å innføre lik nettleige i heile landet, vil vere med på å gjere belastninga for næringslivet lågare og at flaskehalsane knytt til anleggsbidrag ikkje står i vegen for ny næringsutvikling og bustadbygging i distrikta.

Ny vår for nasjonal kontroll over krafta

Bygde kraftverk: – Får gratis strøm og en framtidig gullgruve