Kristiansund har godt renommé i Manchester. I kveld er nordmørsbyen representert ved fiolinisten Alex Robson. I direkte radiosending på BBC er Alex konsertmeister med det sjølvaste Hallé Orchestra!

Var han på eit anna kulturfelt, fotball, ville dette tilsvare kristiansundaren som kaptein på eit topplag i Premier League! Slik Manchester City feirar triumfar på internasjonale arenaer, er byens Hallé Orchestra (no i sin 165. sesong) eit konsertorkester på europeisk toppnivå. Fiolinisten frå Kristiansund får definitivt ei oppleving for livet når han no inntek den ærerike førsteplassen under orkesterets verdensberømte sjefsdirigent Sir Mark Elder.

På programmet står m.a. Symfoni nr. 8 av 150-årsjubilant Ralph Vaughan-Williams og det humoristise symfoniske diktet «Till Eulenspiegels Lystige Streker» av Richard Strauss. Konserten i orkesterets enorme Bridgewater Hall (2000 sitteplassar) går direkte på BBC Radio 3 klokka 20.30 norsk tid i kveld torsdag 12. mai.

Alex Robson har eit eventyrleg rulleblad – fullt på høgde med store idrettsstjerner. Frå kulturskulen heime i Kristiansund gjekk musikkbanen via NTNU i Trondheim til Royal College of Music i England.

Merittlista er lang og imponerande – Kristiansund Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester, Det Norske Kammerorkester, TrondheimSolistene, Festivalkvartetten (KKKK) og ti år i Engegård-kvartetten.

Det korte engasjementet i Manchester kom i stand ved at Hallé-orkesteret fekk tips frå framståande norske musikkfolk. Med sitt 225 år gamle fiolinklenodium, ein Gagliano frå 1797, har Alex dei siste dagane glitra på førsteplassen under fleire konsertar med orkesteret.

Kveldens BBC-konsert er ein milepæl i ein strålande karriere. All grunn til å gratulere og gjera denne bragda kjent!

Eit artig PS: Den legendariske Halle-dirigenten Sir John Barborolli var i si tid dirigentlærar for Margaret Rensvik - som ikkje berre er mor til Alex, men så å seie også mor til det frodige musikklivet på Nordmøre i mange ti-år, tydelegast markert i dei årlege KKKK-Festivalane. «Ringen er slutta», kan vi på ein måte seie.