Gå til sidens hovedinnhold

Aldri meir 22. juli

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

«Dagen som endra politiet» står det på framsida av Politiforum. Den som har skrive det, har nok mest fokus på beredskap. Det var det som fekk størst merksemd straks «Rosetoget» hadde stoppa. Men- er det ikkje meir som er verdt å fokusere på i høve til denne forferdelege dagen?

Eg var leiar for Ålesund asylmottak på den tida, og 22. juli skulle vi ha grillfest på SIF-tun i Skarbøvika. Eg måtte ein tur heimom før festen. På turen vart eg tilropt: No må det f…. meg bli slutt på å ta inn desse utlendingane! Liknande utsegn fann ein på internett. Då eg kom til Skarbøvika, var det sorgstemning på grillfesten. Politiet hadde vore der og bede om at det vart halde låg profil i tilfelle hemnaksjonar.

Høgreekstreme

På kvelden kom informasjonen om at det var ein etnisk norsk nordmann som stod bak. Det burde kanskje ikkje vere så overraskande. Alle tidlegare terrorhandlingar i Norge er utførte av norske høgreekstreme: Bombeaksjonen mot AKP (m-l) sin bokhandel i Tromsø i 1973, bombeaksjonen mot 1. maitoget i Oslo i 1979, Hadeland-drapa i 1981, drapet på Benjamin Hermansen i 2001. Trass dette er det innvandrarar ein først tenkjer på når det er snakk om slike valdelege hendingar.

Kvifor er det slik? Terroraksjonar i andre land har sjølvsagt påverka tenkemåten vår, men også retorikk her til lands.

Les også

Aldri mer 22. juli

Eit oppgjer

Etter 22. juliterroren var det fleire som ville ha eit oppgjer med den politiske ordbruken som kunne ha ført til dette, men statsminister Stoltenberg stansa dette. I staden sytte han for at det vart sett ned ein kommisjon til å sjå på beredskapssituasjonen fram til og med 22. juli, Gjørvkommisjonen. Den var ganske kritisk til regjeringa, slik at dei som terroren først og fremst gjekk ut over, også var dei som fekk mest negativ kritikk.

Kvar gong nokon har påpeika retorikken som kunne ha ført fram til terroren, har ein vorte møtt med utsegner som den ein profilert høgrepolitikar kom med: «No dreg dei 22. juli-kortet igjen».

No ser det ut til at vi kanskje kan få ein ny 22. julikommisjon. Det er i so fall på høg tid.

Poenget treng ikkje vere å finne syndebukkar, men å sette fokus på farleg retorikk og andre ting som bør endrast dersom vi vil unngå nye terroråtak.

Les også

Inviterer til minnegudstjeneste 22. juli

Levande debatt

Flyktningsituasjonen i verda er eit formidabelt problem, men vi må ikkje gløyme at bak dei enorme tala er det einskildmenneske som deg og meg. Norge kan ikkje ta imot alle, men vi treng ein levande debatt om korleis det har vorte slik, og kva ein kan gjere for å endre det. Hittil har dei fleste flykta på grunn av krig og konflikt. Kva skjer når vi får store folkevandringar på grunn av klimaendringar?

Det sat langt inne å få til ein flyktningkonvensjon, og enno har ikkje alle land i verda ratifisert den. Etter andre verdskrigen var det mange flyktningar i Europa, og då var det mogeleg å få på plass ein slik konvensjon. Fridtjof Nansen hadde kome med framlegg om ein slik konvensjon i Folkeforbundet allereie i 1922, men det framlegget fall på steingrunn.

Konvensjonen burde absolutt vore revidert, og det same gjeld «Dublinforordninga» som gjer at det første landet flyktningane kjem til, har alt ansvar for å ta hand om dei.

Ein kan vel trygt seie at det er lunken, eller direkte kjøleg, haldning til å ta fatt i dette viktige arbeidet.

Dette er internasjonale avtaler, men om Norge vil og nyttar påverkingskrafta si, er eg ikkje i tvil om at det er mogeleg å gjere endringar.

Vår eigen politikk i høve til asyl- og flyktninghandsaming, rår vi over sjølve. Den burde i høgste grad vore evaluert og justert. Når nokon nemner dette, vert ein gjerne møtt med at «venstresida» vil ha opne grenser. Vi må legge vekk retorikken og erkjenne at dette er store utfordringar ein ikkje kan feie under teppet.

Les også

Anmeldelse: Et knusende innblikk i en hverdag og psyke som fortsatt er preget av hendelsene den grusomme dagen

Ikkje noka vinnarsak

SV har i vårt program at vi vil ha ei evaluering av asyl- og flyktningpolitikken som Norge fører. Det er kanskje ikkje noka vinnarsak i valkampen, men ei viktig sak. Det er «lunkne» haldningar til dette spørsmålet i fleire parti. Derfor vonar eg at Birgit Oline Kjerstad kjem på Stortinget frå Møre og Romsdal SV. Ho har den menneskekjære haldninga som trengst om vi skal realisere dei varme tankane som vart fremja i rosetoga etter 22. juli 2011.

«Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer dig selv»! (Arnulf Øverland)

Kommentarer til denne saken