Gå til sidens hovedinnhold

Akse-juks

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Norges Lastebileier-Forbund (NLF) inviterte den 27.08.21 til temamøte i Molde om dei vegmessige utfordringane for transportnæringa i Møre og Romsdal. Til å drøfte dette hadde dei fått med seg eit panel av leiande politikarar i fylket.

Eg nytta høvet til å konfrontere Møreaksenpolitikarane med fylgjande, og ba om deira kommentarar:

Statens vegvesen har i kostnadssamanlikningane mellom Møreaksen og Romsdalsaksen rekna 3 mrd til strekninga Hjelvik-Ørskogfjellet til Romsdalsaksen sine kostnadar. Er dette rett når denne strekninga skal utbetrast som ein del av E136 «Eksportvegen» uavhengig av akse? Er det ikkje meirutgiftene dei to aksealternativa medfører som skal brukast for å samanlikne kostnadane?

Statens vegvesen har ikkje tatt med kostnadane med ny veg Vik-Remmem/Tresfjordbrua i Møreaksen sine kostnadar, av Austvik oppgitt til ca 1 mrd. Dette er nødvendige fylgjekostnadar til Møreaksen, og burde vel derfor vere medrekna i Møreaksen sine kostnadar?

Statens vegvesen har ikkje tatt med kostnadane for oppgradering av strekninga aust om Molde sentrum og til Lønset. Dette har Austvik forklart meg skuldast at kostnadane ville blitt like store ved begge aksealternativa, og derfor er utelate. Er dette sannsynleg når Møreaksen vil medføre E39 gjennomgangstrafikk på denne strekninga og Romsdalsaksen ikkje vil gjere det?

Det var berre KrF-representanten, Randi Walderhaug Frisvoll, som «svarte» på dette. Ho sa at ho ikkje forsto spørsmåla, men svarte likevel! Så det vart god dag mann, økseskaft. Så Bernhard Riksfjord (A), Vetle Wang Soleim (H), Per Ivar Lied (Sp) og Frode Heimen (V) svarte ikkje på denne direkte utfordringa. Forsto ikkje de heller spørsmåla? Eller var svara for kontroversielle for dykk? Når de har fått tenkt dykk om, kanskje de kan svare klart og tydeleg gjennom avisa?

Kommentarer til denne saken