Øystein Folden har i TK 20. januar eit lesarinnlegg der han spør om kor mykje skit 900 tonn er. Det enkle svaret er at 900 tonn er 900 tonn, same om det er skit eller anna.

Eg kjenner ikkje saka anna enn frå Folden si framstilling. Ut frå den får eg inntrykk av at utsleppa frå fisken først skal rensast, så skal plantenæringsstoffa nitrogen og fosfor sleppast ut i sjøen. Dette gjev inga meining.

For lite

Desse to næringsstoffa er det for lite av i nær sagt all jord i Noreg for at ein skal få god plantevekst.

Jord som vert dyrka til eit eller anna føremål, plen, bærbuskar, potet eller gras til husdyrfor, må difor tilførast desse næringsstoffa for å gje avling. Gjødslinga kan gjerast i form av det vi kallar kunstgjødsel, husdyrgjødsel, også frå fisk, eller som kompost.

Fiskegjødsel kan sannsynlegvis rensast på ein slik måte at ein finn nitrogen og fosfor i same form som i kunstgjødselsekken, slik Folden skildrar innhaldet i trillebåra på Sørsundbrua, ioner som lett kan takast opp gjennom planterøtene. Dette vil vere prosessar som er kompliserte, som krev mykje energi, og som difor vert kostbare.

Kor mykje kan ein spare?

Ein enklare måte er å lage ei form av kompost, som etter høvelege prosessar kan køyrast ut på jorda som jordforbetring og tilførsel av næring.

Eit meir konstruktivt spørsmål er: Kor mykje kunstgjødsel kan ein spare ved å bruke rensa fiskeskit i staden?

Verdien av den kan ein rekne ut dersom ein kjøper ein sekk fullgjødsel, se på prosenten nitrogen, og finn ut kor mykje me betalar for ein kilo nitrogen. Same reknestykket kan ein ta for fosfor.

Ei gamalt ordtak frå miljørørsla seier at «avfall er ressursar på avvegar.» Det gjeld for rensa fiskeskit også.

Les også

Kor mykje skit er 950 tonn?

Les også

Når ein veks seg ut av havet