Konsertane blir på eit vis markering av at Bernt Bøe har delteke på og arrangert julekonsertar i 50 år sidan starten i Halsa saman med Halsa Songlag i 1972.

Og han blir aldri lei av å oppleve den varme juletonen i lag med menneske som brukar verdens mest uttrykksfulle instrument - stemmen.

– Og når vi i samklang med dyktige instrumentalistar får hente fram juleperler frå musikkens overdådige skattkiste, er det som tilværelsen får ein ny dimensjon, vi er del av noko større. Eg veit at eg som korleiar, pådrivar, har mange med meg i denne opplevinga. At koristane ofrar så mykje tid og innsats på dette, må bety at det gir noko vesentleg tilbake, seier Bøe.

Midt i all den mangslungne julemusikken som omgir oss frå artistar, media og i butikkane, meiner Bøe det er godt å hente fram noko av det han vil kalle «grunnstoffet» i tonearven.

– Mange – no som i tidlegare tider – har rett nok tilført ny «kapital» til denne arven, i form av nyskapte toneperler. Det gjeld artistar og «låtskrivarar», det gjeld også såkalla «komponistar» i vår tid. For meg er det naturleg å trekkje fram musikklæraren Arne Dagsvik, som for 30 år sia skapte eit genialt lite «juleoratorium» for vår tid – kantaten «I denne søte juletid», som vi igjen etter nokre års opphald har henta fram att, seier Bøe.

Hovudtanke

Kantaten som aktørane framfører halv-scenisk, som syngepel eller «minimusikal», skil seg frå nyare «låter» ved eit meir heilstøypt preg. Dei i alt 13 satsane går inn i ei hovudhandling, og formidlar den i staden for lause enkeltlåter, som skal «slå an».

– Ein hovudtanke i korarbeidet slik vi driv det er at Prosjekt 17 vil formidle ein songarv som relativt få andre satsar på. Vel har vi minst like stor stoff-variasjon som andre kor, men vi prøvar å gi folk stoff dei kanskje ikkje kjente – for at dei skal kunne bli kjent med nye skattar å bli glade i. Utan det vil jo alle berre høre det dei alltid hører elles, seier Bøe, som understreker at det blir «vanleg» julestoff også.

På årets program for konsertane i Todalen (søndag klokka 14.00 og Åsskard klokka 19.30), står Julemotett av Eyvind Alnæs, komponert i 1922. Den var ofte framført lokalt, men meir sjeldan no. I høve «100-årsjubileet» gjer Bøe litt ekstra stas på den.

– Eg har arrangert orgel-kompet for orkester. Slik blir det nok større og meir fargerik klang enn elles.

Det er artig å vite at det ett år gamle Åsskard Kyrkjekor (starta i 1932) framførte denne motetten jula 1933 – da dette var ein fersk og allereie populær jule-«slager». Solist var presten Fyrwald, kjend for flott tenorstemme. Eg er særleg imponert over den unge, sjøllærde organisten Leiv Bæverfjord, som utførte det krevande orgelpartiet på trø-orgel, seier Bøe.

Trøorgelet var «Rannei-orgelet» som Åsskard hadde kjøpt frå Todalen for 200 kr året før – og som no er påtenkt restaueringsobjekt i Åsskard.

Får delta

Ein viktig tanke ved julekonsertane til Bøe og koret er at forsamlinga er ein musikalsk ressurs som bør få delta - i alle fall i allsong -, og ikkje berre vera betalande, passivt publikum.

– Difor har eg også i år arrangert fleire kjende julesongar slik at orkester og korstemmer kling i lag med forsamling og orgel. Folk skal ha høve til sjøl å synge med orkester og vera del av koret på denne måten, seier Bøe.

Av innhaldet kan også den finske «Julvisa» av Sibelius nevnast, denne gong sungen av unisont mannskor/piano og med bodskapen «Giv mig ej glans, ej guld, ej prakt i signad juletid. Giv mig Guds ära, englavakt och över jorden frid …».

– Uhyre aktuelt også i 2022, minner Bøe om.

Originalversjonen av Glade jul (Stille natt»), med klaver og orkestersats slik komponisten Gruber skreiv det for 200 år sia, er også med på programmet.

I tillegg til koret Prosjekt 17, er Maja Reppe, Turid Røen Kroknes Øystein Mo med som solistar. Tor Strand trakterer orgel og piano, medan aktørar frå Operaen i Kristiansund er med som orkester.