Førstkommande helg samlast om lag 30 spele- og danseglade ungar frå heile fylket i Sunndal for å kappleike.

Sjokoladekappleiken er ei uformell mønstring i folkemusikk- og dans for dei yngste i Sunndal kulturhus, seier arrangørane Møre og Romsdal Folkemusikklag og Nordmøre Spelmannslag i ei pressemelding og legg til:

– Under Sjokoladekappleiken kan ein delta med song, spel eller dans som solist, gruppe eller lag. Alle som deltek får ein gild sjokolade i premie.

I tillegg får alle utøvarar tilbakemelding frå eit dommarpanel som består av vaksne utøvarar.

– Dette er eit fint høve til å trene seg i å opptre. Mønstringa er tenkt for dei under 18 år, eller for dei som er ekstra glade i sjokolade, seier arrangørane.