...
Einar Sæterbø har skrive om hendingar og mysterium mellom fjella i Sunndalen i årets utgåve av «Du mitt Nordmøre». Redaktør Reidun Dølehuset til høgre. (Foto: Einar Hamnes)

«Du mitt Nordmøre» vart skred-aktuelt

SURNADAL: Ei ny utgåve av «Du mitt Nordmøre» ligg klar. Ei dramatisk hending i haust har gjort årets hefte særleg aktuelt.

Publisert 10.11.2008 kl 22:00 Oppdatert 10.11.2008 kl 22:00

Tips en venn på e-post:

...

Einar Sæterbø, som i mange år har vore regionsjef for NVE i region Midt-Norge, er ein av bidragsytarane til «Du Mitt Nordmøre» i år.

Han har skrive artikkelen «Hendingar og mysterium mellom fjella i Sunndal», ei undringsreise i geologi og kraftutbygging.

Viktig utbygging

– Det var naturlevis ikkje planlagt. Men tilfeldigvis gjekk raset i Oppdølsstranda i haust, ei svært dramatisk hending som gjekk inn på mange. Sett i lys av dette, vart artikkelen til Sæterbø særleg aktuell og interessant, sier Reidun Dølehuset.

I artikkelen får lesarane ta del i historikken til kraftutbygginga, lære om landskapsformer, og skred i fjell og lausmassar i dette området.

Sæterbø seier han tykkjer det er artig å skrive, og understrekar kva Aurautbygginga har betydd for Nordmøre, ikkje berre på grunn av arbeidsplassane, men også fordi utbygginga har gjeve store ringverknader til regionen elles.

Variasjon

«Du Mitt Nordmøre» har kome ut sidan 1966, og Dølehuset har vore redaktør for heftet sidan 2000.

– Bladet er ein hobby for meg. Eg legg ned mange timar på innsamlig og oppsett av bladet. Men kjem og i kontakt med mange interessante og spennande menneske.

Redaksjonsmedlemmane Liv Krumsvik og Terje Ramsøy-Halle gav redaktøren blomster for arbeidet ho har gjort, under helgas samling i Surnadal.

Årets utgåve av «Du Mitt Nordmøre» har det internasjonale potetåret og kulturelt mangfald som to hovudtema.


Tips oss

Sentralbord: 71 57 00 00
Vaktsjef (kveld): 913 41211
Epost: redaksjonen@tk.no
Post: Postboks 8, 6501 Kristiansund

Kundesenter

Epost om annonser
Info om annonser
Epost om abonnement
Info om abonnement

Ledelse

Adm.dir: Per Brochmann
Sjefredaktør: Tore Dyrnes
Nyhetsredaktør: Bent Botten
Nettredaktør: Ole Knut Alnæs

Lagres hos
Nasjonalbiblioteket

Det gjøres oppmerksom på at denne nettavisen
regelmessig blir innsamlet og lagret av Nasjonalbiblioteket.
www.tk.no vil bli gjort tilgjengelig som
kildemateriale for forskning og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.