Førkjånn frå Halsa er på cd. Det var folksamt av begeistra sambygdingar på Rasteplassen på Liabø under sleppet fredag kveld.
SIGRID E. V. BØE
– Det er berre ein ting å seie: artig, utbryt Eli Norunn Furnes Fjærli frå scena når ho ser alle dei oppmøtte.
Songgruppa på fem vart danna i 1993 og fekk det særegne namnet Førkjånn. Dei framfører først og fremst coverlåter frå andre tekst- og melodiforfattarar, men har sitt eige særpreg.
Alle dei fem er frå Halsa, og dei fortel at dei ville gjera dette til eit reint halsaprodukt. Innspelingane er gjort live i Halsahallen, og foto, lay-out og mangfaldiggjering er alt administrert frå heimkommunen.
Ikkje berre har dei skrive brev til tekstforfattarar for å få lov til å flytte på ord i tekstane, dei har arrangert melodiane sjølve for å få det spesielle Førkjånn-særpreget som alle som skaffar seg CDen kjem til å merke.
Og så har dei teke i bruk lokale krefter. Margrete Seter har skrive fire tekstar til kvintetten, og Kolbjørn Botten har sett melodi til dei to nyaste som også er med på plata.
Kalenderen fra Nordmøre rundt | ||
Selv om Øya bare har sluppet under halvparten av artistnavnene, er det nå kun 700 ukespass igjen til festivalen.