SV vil ha ein god skule for alle!

Publisert 13.08.2012 kl 08:26 Oppdatert 13.08.2012 kl 08:26

Tips en venn på e-post:

Årets landsskyttarstemne er i gang, og skyttarane prøver å treffe blink. Snart byrjar skuleåret 2012/13. For SV-politikarar er målet ein skule som treffer så mange elevar som råd - midt i blinken. Elevane er like ulike som oss vaksne. Skal vi lukkast med å gjere alle til gagns menneske, til glede for den einskilde og samfunnet, må skulen gje ulike menneske like sjansar. Det betyr ein skule som gjev både dei teoristerke og dei som meistrar praktiske ferdigheiter best høve til læring og utvikling. Vi treng dei alle for å møte trongen for arbeidskraft i åra som kjem!

Tidleg innsats er avgjerande. Dette har tidlegare og noverande kunnskapsministrar frå SV arbeidd målretta med i sju år. Barnehageløftet og auka timetal i grunskulen er døme på dette. Likevel står det mykje att.

Som del av satsinga på ein meir praktisk og variert skuledag får alle 8. klassingar i haust velje mellom åtte ulike valfag. I 2014 vil alle elevar i ungdomsskulen ha valfag. Dette er ei oppfølgjing av råda Kristin Halvorsen fekk då ho spurde ungdomsskuleelevar om korleis motivasjonen, særleg siste året, kan betrast. Målet er meir motiverte elevar, og betre læring for alle. Kompetansemåla er like høge som før, men undervisninga vert meir tverrfagleg og praktisk retta. Saman med satsing på klasseleiing og kompetanseheving hjå lærarar, skal dette gje ein meir praktisk og variert skule.

To andre satsingar vert og sett i verk frå skulestart. Innføring av valfag vil vere bra for alle elevar, også dei flinkaste. I tillegg skal fleire elevar på ungdomssteget no kunne ta fag på vidaregåande nivå, slik at alle får noko å strekkje seg etter. Det er opp til kommune og skuleleiing å legge til rette for dette, og SV vil vere pådrivar for at så mange som råd får høve til dette.

I løpet av året vil også alle landets kommunar vere med i Ny Giv-prosjektet, der målet er at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring. Ny Giv tilbyr elevar som slit fagleg ekstra intensivopplæring i slutten av ungdomsskulen og i vidaregåande for å tette kunnskapshol. I år har det for tredje gong vore gjennomført sommaraktivitetar for å gje ungdom ei ny mulegheit. Årets sommaraktivitetar er mellom anna sommarskule, forkurs til vidaregåande og sommarjobb for elevar i overgangen ungdomsskule/ vidaregåande og mellom dei to første åra i vidaregåande.

Dette arbeidet må halde fram, og Møre og Romsdal SV vil vere pådrivar!

Ingrid Opedal,

fylkestingsrepresentant Møre og Romsdal SV



På forsiden nå


...

Innstilt ferge

Nyheter A-ferga på Halsa–Kanestraum er innstilt. Les mer

...

Lyngbrann i Osmarka

Nyheter Mandag kom bråtebrann ut av kontroll. Les mer

...

Grill laget brann

Nyheter Engangsgrill laget brann på veranda. Les mer

...

Målløst på Lerkendal

Lokal fotball Molde spiller med ti mann mot Rosenborg, men det står fortsatt 0-0. Les mer

Til Grasrotandelen

Tips oss

Sentralbord: 71 57 00 00
Vaktsjef (kveld): 913 41211
Epost: redaksjonen@tk.no
Post: Postboks 8, 6501 Kristiansund

Kundesenter

Epost om annonser
Info om annonser
Epost om abonnement
Info om abonnement

Ledelse

Adm.dir: Tore Dyrnes
Sjefredaktør: Tore Dyrnes
Nyhetsredaktør: Bent Botten
Nettredaktør: Ole Knut Alnæs

Lagres hos
Nasjonalbiblioteket

Det gjøres oppmerksom på at denne nettavisen
regelmessig blir innsamlet og lagret av Nasjonalbiblioteket.
www.tk.no vil bli gjort tilgjengelig som
kildemateriale for forskning og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.