Ser i dagens avis at Ola T. Heggem er ute igjen med skremsler rundt ei ny regjering der Frp er med og han teiknar eit skremmebilde som alternativ til dagens regjering.
Mon tru det! Vil da berre legge til nokre sitat frå egne kollega og lokal bondelagsleiar som har skorne på og veit korleis det følast:
- Nedlegginga av gardsbruk har skote fart medan Sp har hatt landbruksministrar. Noregs Bondelag har stått passivt og sagt «ja, ja, ja», seier Knut Hustad i Hjørundfjord Bondelag.
Medan dette har skjedd, har Senterpartiet hatt landbruksministrane, og det har vore heilt stilt frå Noregs Bondelag og andre som kunne ha kjempa bøndene si sak.
Hustad ristar på hovudet over «gladmeldingar» i media - om at talet på arbeidsulykker i landbruket har gått ned og avsluttar sitt oppgjer med dagens regjering med følgjande kraftsalve:
«Er det så rart at talet arbeidsulykker går ned når det vert stadig færre bønder? Om ti år les vi vel gladmeldinga «ingen arbeidsulykker i landbruket- fordi her ikkje er bønder att».
Dette er altså dommen over ei regjering som har noregsrekord i nedlegging av bruk og likevel tør Heggem gå rundt å åtvare mot alternativa?
For ikkje å nemne unnlatelsesynda til Senterpartiet i mange år rundt rovviltproblematikken!
Oskar Grimstad,
Energi og miljøkommiteen (Frp)
Lokal fotball Oslo: Mark Bosnich tror Ole Gunnar Solskjær er rett mann til å ta over Aston Villa. Les mer