Satsing på vindkraft er ein veldig resurskrevande måte å auke elkraftproduksjonen på. Utbyggarane må ha minst 50 øre per kilowattime for at produksjonen skal vere lønnsom.
Og dette er langt over den gjennomsnittlege normalprisen på NordPool der den norske straumen blir omsett. I følge rådgiver Espen Borgir Christoffersen i Enova er ein av grunnane til at vindkrafta blir så dyr at utbyggarane har rekna med produksjon i 3000 timar på årsbasis, mens det reelle talet er cirka 2.500 timar. Og den Norske vindkrafta ser ut til å bli enda dyrare enn dette også i framtida på grunn av at vindmølleprisane er sterkt stigande på det internasjonale markedet.
Dette betyr at det er vi, forbrukarane, som må betale for denne galskapen. I staden for å bruke mange milliarder på bygging av vindkraftanlegg, noko som vil føre til den største naturraseringa i Norgeshistoria, kunne vi bruke midlane på fornuftige tiltak. Den omstridde Havsul-utbygginga utanfor Mørekysten har ei kostnadsrame på 16 milliarder! For denne ufattelege summen kunne vi ha betalt 1,5 millioner varmepumper. Dersom vi hadde satsa på dette kunne vi spart 11 TWh til oppvarming årlig. Den frigjorte energien kunne vi dermed brukt til andre formål. Dette er bare eit eksempel på at det finns andre måtar for å løysa den påståtte energimangelen. Ein spart KWh er vel like bra som ein produsert KWh?
Den politiske målsettinga på 3 TWh produsert vindkraft innan 2010 vil bare utgjere 2,5 prosent av kraftproduksjonen i Norge. Uansett korleis vi vrir og vender på dette talet, så vil vindkrafta sin del av den totale kraftproduksjonen utgjera svært lite.
Spørsmålet vi da sitt igjen med er om det verkeleg er verdt å bruke så store ressurser på omstridde vindkraftverk der kraftproduksjonen ikkje på noko vis står i forhold til dei omfattande naturinngrepa.
Magnar Lien